Lovlydige lyttarar
Ulovleg fildeling av musikk er nærast vorte utrydda dei siste åra. Behovet er rett og slett ikkje der lenger.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Færre musikktjuvar
Saka var først publisert i Studvest og er omsett til nynorsk av Framtida.no.
– Eg lasta ned mykje musikk før av same grunn som eg nyttar meg av straumetenester i dag, nemleg tilgjengelegheit, seier Emil Andreassen.
Han er student på lektorprogram i naturvitskap og matematikk på UiB, og høyrer som dei fleste av sine studiekameratar på musikk kvar dag. Dette går som regel via straumetenesta Spotify.
– Musikkutvalet er veldig godt og tenesta er brukarvenleg både på PC og mobil. Så er det lett å finne ny musikk, seier han.
LES OGSÅ: Konsertar grusar platesalet
Åtte av ti straumar
Straumetenester som Spotify, Wimp og Beats Music har blitt den dominerande plattforma for musikklytting dei siste åra. Interesseorganisasjonen for plateindustrien, IFPI Norge, syner i ei undersøking gjennomført i desember 2014 at 80 prosent av dei spurde under 30 år bruker straumetenester når dei høyrer på musikk.
– Undersøkinga bestod av rundt 1200 menneskjer i alderen 15 til 30 år. Me går ut ifrå at me fekk ærlege svar, men det kan me ikkje garantera, seier Roy Erland Funner, prosjektsjef i IFPI Norge.
I same målgruppe er det berre fire prosent som bruker ulovlige fildelingstenester som kjelde til musikklytting. I 2009 svarte 70 prosent i same målgruppe at dei lasta ned musikk ulovleg. Nedgangen på 66 prosent kjem ikkje som noko overrasking på Funner.
– Dette er i tråd med trenden me har sett gjennom heile 2014. Det er ingen god grunn til å laste ned musikk ulovleg lenger. Lovlige musikktenester har blitt veldig tilgjengelege.
LES OGSÅ: Musikkbransjen på veg opp
Nordmenn pungar ut
Prisnivået på ulike straumetenester ligger på 99 kroner i månaden for eit utval på over 20 millionar songar. Kristin Eldnes, PR- og kommunikasjonssjef i den norske straumetenesta Wimp, seier plateselskapa i høg grad set dette prisnivået, og musikktenestene utbetaler majoriteten av alle inntekter tilbake. Ho tykkjer prisen er rimelig.
– Me ser i alle fall at nordmenn er villige til å betala. Storkonsumentane av musikk tykkjer det er svært billig med 99 kroner per månad for musikktilgang både heime og på farta, til dømes samanlikna med prisen på ein CD, seier Eldnes.
Student og musikklyttar Andreassen synes heller ikkje at det er noko å utsetta på prisen. Nedlasting av musikk gjer han berre om straumetenestene ikkje tilbyr songane han leiter etter, og kjøp av fysisk musikk har han ikkje gjort sidan ungdomsskulen.
– Eg hugsar eg kjøpte eit album av Metallica. Det trur eg er det einaste minnet eg har av å ha kjøpt musikk, seier han.
LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken
200 kroner blir mykje
Lett tilgang til et stort musikkutval er nærast blitt ein avhengigheit, tykkjer Andreassen. Han er villig til å betale meir om det skulle kome endringar i prisen, men har likevel ei øvre grense.
– Eg hadde nok fortsatt å betale om prisen auka med 50 kroner. Nærmar me oss 200 kroner eller meir, hadde eg vurdert andre måtar å finne musikken på.
Eldnes i Wimp hevdar det alltid vil vere prisutvikling i marknaden, både oppover og nedover. Dei har valt å satse på spesialtenesta Wimp HiFi til 199 kroner for dei som ynskjer seg betre lydkvalitet.
LES OGSÅ: Vil verta bildebransjens Spotify
Saknar ukjente artistar
Sjølv om Andreassen er nøgd med Spotifys tilbud ser han rom for forbetringar.
– Eg skulle ynskje det var mogleg å finne fleire ukjende artistar. Det er grunnen til at eg nyttar meg av gratistenester som Soundcloud eller Youtube, fordi kven som helst kan leggje ut musikk på desse plattformene, seier han.