Litt gaming skadar ingen
Faktisk kan det vera bra for deg. Ei studie viser at ungdom som spelar litt, er betre tilpassa enn andre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Du kan lesa meir hos Iflscience.com, som klokt nok innleier med å sei at det er sagt mykje ulikt om kva verknad dataspel har på deg. Nokre studier seier det gjer deg smartare, andre meiner at valdelege spel gjer deg meir aggresiv.
No har ei større studie gjort ved Oxford funne samanheng mellom speling og sosial tilpassing. Der har dei konkludert med at ungdom som spelar litt er betre tilpassa enn dei som ikkje spelar i det heile, eller dei som spelar mykje.
LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida
Alt med måte – nesten
Det er gruppa som spelar ein time eller mindre for dagen som seier dei er meir tilfreds med liva sine, og dei viser betre sosial atferd.
Men – det er ei studie med svakheiter, skriv iflscience.com. Det er til dømes mange andre faktorar som spelar inn på livskvalitet og sosiale eigenskaper, som til dømes familieforhold eller relasjonar på skulen.
LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd