– Lat oss drite i «sommarkroppen»

Rikke Næss
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er mai månad, og me nærmar oss sommar og sol med stormskritt. Sesongen der kvardagen for det meste består av å gå halvnaken i offentlegheita. Sesongen mange jenter gruar seg til. Sesongen der kroppspresset aukar endå litt meir. 

LES OGSÅ: Bikinifitnessutøvar: – Ikkje sunt å gå på ein slik diett over tid

Eg går inn i sommaren med skuldrane betrakteleg lågare enn i fjor. I fjor var det om å gjere å poste so mange bilete som mogleg på Instagram, Facebook og you name it. Helst i bikini, eller gjerne på ein treningstur eller i treningsstudio. 

LES OGSÅ: «Selfies» kan skada sjølvbiletet

Tusenvis av bilete av bikinikroppar blir lagt ut kvar sommar. Og jentene sit framfor skjermen og sukkar av misunning. Vel, ein skal ikkje sjå bort i frå at dette kroppspresset råkar gutane òg. Men det er ikkje vanskeleg å sjå at jentene er dei som er mest ramma av kroppspresset. Om sommaren skal me sjå bra trent ut, samstundes som me skal sjå sunne ut. Me skal sjølvsagt ikkje ha eit par kilo ekstra på kroppen når bikinien skal på!

Personleg er eg ikkje stressa, og har aldri vore særleg stressa over bikinisesongen. Det at bikinien er blitt endå litt mindre enn i fjor, har faktisk ingen betydning. For eg har det bra, og det er jo det viktigaste, ikkje sant? Det er jo slik alle jenter burde tenke. Tenk litt meir på deg sjølv, og gjerne litt mindre om kva andre tenkjer om deg. 

LES OGSÅ: «Det er på tide å skape ein elsk-kroppen-din-revoulsjon»

Nokre ord til alle jenter som gruar seg litt ekstra til sommaren; de er gode nok akkurat slik de er. Et masse is. Et masse grillmat. Gå i bikini, og det med stoltheit. Lat oss drite litt i «sommarkroppen» og det kroppsfikserte presset. Kos deg med godt samvit. Er du klar for det? For det er eg.