Lånekassen vurderer å kutte bortebuarstipend

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan gå drastisk til verks

– Det er frykteleg synd at ein ung gut eller jente går inn i vaksenlivet med svindel på rullebladet, seier fagdirektør Liv Simonsen i Lånekassen til NRK.

Ho håper auka medvit rundt problemet blant studentar kan føre til mindre juks. Skjer ikkje det, må dei gå sterkare til verks.

– Dette er eit såpass stort problem at om det ikkje endrar seg, må vi gripe inn i ordningane. Ein måte å gjere dette på, kan vere å kutte ut bortebuarstipendet. Då vil alle få mindre stipend, seier fagdirektøren.

Svindla for 72 millionar
I januar i år kom det fram at Lånekassen kan ha blitt svindla for 72 millionar kroner i studieåret 2011– 2012. Berre studentar som ikkje bur saman med foreldra har rett på bortebuarstipendet.

Kontrollar Lånekassen gjer, har vist at rundt 1,4 prosent av dei som får stønad, faktisk bur heime.

– Vi såg at 56.000 av studentane som søkte stønad, hadde ei adresse såpass nær foreldra at dei like godt kunne budd heime. Av desse sjekka vi tusen studentar, der 45 viste seg å ha oppgitt feil informasjon, forklarer Simonsen.

Dei som blir tekne, må betale tilbake all stønaden dei har fått og gå utan stønad like lenge som dei har fått stønaden ugyldig. Dei verste tilfella kan bli politimeldte. 

LES OGSÅ: Studentar svindlar Lånekassa for millionar