Kva om du ikkje hadde talespråk?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først hos Ivar Aasen-tunet

Korleis skulle du då ha formidla kjenslene dine, utover det å vere nøgd eller misnøgd. Korleis ville du ha fortald di historie, dine tankar og draumar? Og korleis skulle du vise kven du er?

Dei aller fleste av oss treng ikkje tenkje dei tankane. Ikkje lenge i alle høve. For dei fleste av oss er det rein automatikk. Andre igjen seier ofte saker og ting endåtil før dei har tenkt. Hjernen samarbeider med munnen utan noko stort hokuspokus.

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

Slik er det ikkje for Hanne. Ho er 13 år og har ikkje eige talespråk, likevel skåra ho som tiåring over normalområdet på språkforståing, utan å kunne "snakke". Korleis er det i det heile mogleg?

Hanne bruker augo til å snakke med, med blikket peiker ho på ulike symbol som fortel oss kva ho vil seie. Ho byrja å bruke symbolspråk som fireåring, og øvde først på enkeltsymbol. Etter kvart blei det meir avansert med ei papirbok som hadde hennar symbol i. Etter ho blei seks år byrja det meste av kommunikasjonen å gå via ei augestyrt datamaskin. I dag har Hanne over 27 000 symbol i kommunikasjonsboka si. Det ho ikkje har symbol for, det lagar ho løysingar på sjølv. Som her, då ho ikkje hadde symbol for stjerneteikn i kommunikasjonsboka enno.

LES OGSÅ: Spadetak mellom ord og ting

Symbolspråk – skorpion

Då tek skorpionen Hanne saken i eigene hender. Og mora må utvide symbolsamlinga hennar, igjen.

Symbolspråk – pottesur

Det er greitt å få gitt beskjed om at mamma kanskje skal ete først, sidan ho er så pottesur.

Symbolspråk – sjarmtroll

Sjarmtrollet finn nye løysingar for å skrive det ho vil.

Spørsmålet er om ein hadde vore like kreativ i løysingane sine sjølv? Det skal ikkje stå på viljen hjå Hanne i alle høve.

LES OGSÅ: Meldingar frå ei boble