KrF vil gjera drivstoff dyrare

Knut Arild Hareide (KrF) vil samstundes gjera det billeggare å kjøpa bilar med lågt utslepp.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gjera drivstoff dyrare

 

– Gjennomsnittleg levealder for ein norsk bil er 19 år, medan bilparken i EU blir 14 år før dei går ut av trafikken. Me må få fart i utskiftinga av gamle bilar. Då er det beste tiltaket å gjere det gunstig å kjøpa bil, men dyrare å bruka dei som forureinar mest, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide til VG.

Han stadfestar at forslaget vil tyde dyrare bensin og diesel, men kan førebels ikkje talfesta prisauken i KrF-forslaget.

Leiaren i transportkomiteen på Stortinget ønskjer samstundes å kutta i eingongsavgiftene ved kjøp av ny bil. Di mindre utslepp, di lågare avgifter.

Varslar endringar
Miljøvernminister og SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell har varsla at regjeringa vurderer nye endringar i bilavgiftene allereie i 2014.  Sosialistisk Venstreparti ønskjer å auka avgiftene på bilar med høge utslepp, for å kunna kutta avgiftene for bilar med låge og null utslepp tilsvarande.

Solhjell presiserer overfor VG at heller ikkje SV vil auke dei totale bilavgiftene, men omfordela for å stimulera fram ein åtferdsendring slik at nordmenn byter til klimavennlege bilar.

Motstandar
Andre nestleiar i transportkomiteen på Stortinget, Bård Hoksrud (Frp), seier at han i prinsippet er samd i å vri avgiftstrykket frå kjøp til forbruk:

– Men i motsetnad til KrF, meiner me at norske bilistar betaler altfor mykje i avgifter, om lag 55 milliardar kroner i 2013, og berre ein tredel går tilbake til vegsektoren, seier Hoksrud til VG.

Kva meiner du? Betaler me for mykje i avgifter? Eller bør drivstoffet bli dyrare?