Kraftig nedgang i skulefråvær

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den omstridde fråværsgrensa ser ut til å ha hatt større effekt i vidaregåande skule enn regjeringa håpa på.

TV 2 har samla fråværstal frå fylka i landet som har tala klare og samanlikna dags- og timefråvær frå hausten 2016 med tilsvarande tal for 2015. Hovudinntrykket er stor nedgang i fråværet. I Akershus har for eksempel timefråværet gått ned med 33,3 prosent, mens dagsfråværet har minka med 32,2 prosent. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er fornøgd.

– Vi har sett at fråværet har falle kraftig på mange skular, sjølv om vi ikkje har endeleg fasit enno. Det er fleire elevar i klasseromma og det viser at fråværsgrensa både er nødvendig og fornuftig, seier Røe Isaksen, som har fått kritikk for fråværsgrensa.

LES OGSÅ: Kva gjer vi når elevar er psykisk sjuke, men ikkje sjuke nok? og Fulle klasserom, tomme blikk

– På tide med strangare krav
Han seier at fråværsreduksjonen er endå større enn han trudde.

– Det viser jo at det var på tide å stille litt strengare krav til oppmøte, og at det var ein tabbe av dei raudgrøne å fjerne moglegheita til å ha ei fråværsgrense, seier Røe Isaksen.

Trass i ein tydeleg nedgang i fråværet over heile landet, meiner framleis Elevorganisasjonens politiske nestleiar Rahman Chaudhry at innføringa av fråværsgrensa var eit feilgrep.

Les meir om fråværsgrensa her