Kan få psykisk helse på timeplanen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me må få psykisk helse på timeplanen, slik at elevane kan læra å ta stilling til eigne kjensler og få eit bullshit-filter. Dei må læra seg at dei aller fleste reaksjonane deira i livet er normale.

Det sa leiar i Mental Helse Ungdom, Adrian Lorentsson, då Press arrangerte debatt om kroppspress og psykiske lidingar blant unge førre veke.

Etter debatten fekk Dagbladet prisen Årets Gullbarbie, fordi dei i 2015 var «best på å få ungdom til å føla seg verst».

LES OGSÅ: Ingen fylke har nok helsesøstrer

Arbeidarpartiforslag
Leiaren i Mental Helse Ungdom gler seg over at Stortinget på torsdag skal behandla eit representantforslag frå Arbeidarpartiet om å få psykisk helse inn på timeplanen i norske skular.

Forslaget legg til grunn at 50 prosent av befolkninga vil oppleva ei psykisk liding i løpet av livet.

70.000 barn og unge har psykiske lidingar som må behandlast, medan nesten seks gonger så mange har forsette med psykiske lidingar.

Ifølgje Helsedirektoratet kostar psykiske lidingar samfunnet 185 millionar kroner årleg. Mest utbreidd og kostbart er depresjon, angst og rusmisbruk.

30 prosent av norske ungdommar fullfører ikkje vidaregåande. I ein NIFU-rapport frå 2012 svara éin av fem fråfallselevar at dei sleit med psykisk sjukdom eller problem.

SV støttar forslaget frå Arbeidarpartiet. 

LES OGSÅ: Psykisk sjuke får medisin –  ikkje oppfølging

Sjølvmordsrisiko blant unge menn
Mental Helse Ungdom har i mange år kjempa for å få psykisk helse inn på timeplanen.

– Kunnskapen om psykisk helse er rimeleg avgrensa. Dei fleste har høyrt om angst, depresjonar, spiseforstyrringar og schizofreni. Når me seier psykisk helse, høyrer mange psykiske lidingar, forklarar Lorentsson.

Han meiner det er for mykje sjukeleggjering i dagens samfunn og er meir oppteken av å gje unge verkty til å takla alle oppturane og nedturane ungdomstida byr på, enn at dei skal pugga symptom på psykiske lidingar.

Han viser særleg til dei høge sjølvmordstala blant unge norske menn.

Kvart år tek mellom 500-600 menneskjer livet sitt i Noreg. Det er nesten fire gonger så mange som talet på folk som missar livet i trafikken, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Langt fleire menn enn kvinner tek livet sitt, og unge menn er spesielt utsette. Sjølvmord er i dag den vanlegaste dødsårsaka blant menn under 25 år.

LES OGSÅ: «Det er ingen som trur at toastmasteren skal ta sjølvmord»

Førebygging
Forslaget om psykisk helse som fellesfag i skulen er mellom anna signert leiar i Kyrkje, – utdannings- og forskingskomiteen, Trond Giske, som i fjor gav ut boka La læreren være lærer.

Førre månad deltok han og partifelle Christian Tynning Bjørnø på eit seminar, der dei fekk innspel frå både Elevorganisasjonen, Mental Helse Ungdom og Forandringsfabrikken.

– Me veit at grunnlaget for god helse vert lagt tidleg i livet. Difor er førebygging vårt mest effektive verkemiddel for å hindra at folk blir sjuke, og sikra at dei er betre rusta til å handsama psykiske vanskar, sa Bjørnøtil partiet sine eigne nettsider.

Representantane bak forslaget meiner psykisk helse må inn i timeplanen for å sikra at måla i læreplanen vert nådd (sjå faktaboks) og for å førebyggja psykiske problem og lidingar.

I tillegg til psykisk helse som eige fag foreslår Arbeidarpartiet å styrka helsestasjonstenesta og skulehelsetenesta, mellom anna med fleire psykologar.

Dei ber òg om betre undersøking og dokumentasjon av den psykiske helsa i Noreg.

Men sjølv om Lorentsson lovprisar initiativet, er han ikkje overveldande optimistisk.

– Sidan det er eit forslag frå opposisjonen, kan det godt vere at det blir stemt ned, trur leiaren i Mental Helse Ungdom.

LES OGSÅ: Vil ha psykologane inn i skulen

Faktaboks

Frå innleiinga i læreplanens generelle del:

«Målet for opplæringa er å ruste barn, unge og vaksne til å møte livsens oppgåver og meistre utfordringar saman med andre. Ho skal gi kvar elev kompetanse til å ta hand om seg sjølv og sitt liv, og samtidig overskott og vilje til å vere andre til hjelp.»

Kjelde: Udir