«Justin Bieber syng som ei jente»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis ein kan vere mann endrar seg, men framleis er det sterke hierarki for kva som er «riktig» måte å vere mann på.

Det er konklusjonen i ein studie basert på intervju med 148 britiske 14- til 17-åringar.

Temaet for studien er korleis ung maskulinitet vert utøvd og regulert i forholdet mellom unge personar og kjendiskultur. Forskarane har studert korleis unge menn og kvinner snakkar om den kanadiske popstjerna Justin Bieber og det britiske boybandet One Direction.

Sosiologane finn at kjendispraten ikkje berre handlar om kjendisane, men også om å forhandle om, styre og stå imot identitetar knytt til kjønn.

LES OGSÅ: Psykisk helse og menn: «Vi må få slutt på tausheita»

Unge menn og populærkultur
Studiar syner både at unge kvinner vert påverka av og aktivt gjer nytte av musikk, magasin og kjendisar i å finne ut av eigen identitet. Forsking har ofte lagt vekt på korleis unge kvinner utøver sin femininitet via populærkulturen.

Svært lite forsking er derimot gjort på unge menn sitt forhold til populærkulturen.

 Populærkultur er sentralt for korleis vi konstruerer og forstår både femininitet og maskulinitet, skriv forskarane Kim Allen, Laura Harvey og Heather Mendick i ein artikkel frå studien, som er publisert i tidsskriftet Sociological Research Online.

Fighting, fucking and football
Forskarane legg til grunn at maskulinitet er noko som vert konstruert i samfunnet. Dei meiner vidare at der finst eit hierarki av ulike måtar å vere mann på.

På topp finn vi ein maskulinitet som legitimerer ein dominerande posisjon for menn over kvinner, meiner forskarane. Sentralt i ei slik forståing av kva det vil seie å vere mann, er å unngå det feminine og homoseksualitet. Vert ein forbunden med dette, risikerer ein utestenging og å miste sin posisjon.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Ung mann får hjelp!

 Kva som er maskulint vil variere i ulike situasjonar, men har ofte vorte assosiert med det muskuløse, og med aggresjon, objektivisering av kvinner og homofobi, skriv forskarane, og peikar til dei tre F-ane: «fighting, fucking and football» (slåsting, sex og fotball).

Der finst sjølvsagt mange som utfordrar denne maskuliniteten. Nokre studiar har til dømes peika på at homofobisk prat ikkje nødvendigvis uttrykker faktisk homofobi, og at positive haldningar til kjensler, nærleik og homofile er vanleg blant mange heteroseksuelle menn.

Bandet One Direction blir til dømes løfta fram som eit døme på at også slik inkluderande maskulinitet har ein viss status. Dei fire unge mennene i bandet er kjende for å opent syne kjensler og sensitivitet.

Ein Sunday Times-journalist skildra det slik:

 Dei busta kvarandre i håret og dytta og kjærteikna kvarandre som ein gjeng boltrande kvalpar.

Ikkje ein avslutta kamp
Forskarane intervjua tenåringane i grupper på seks, som stort sett var sett saman av både gutar og jenter. Dei vart mellom anna spurt om kva for kjendisar dei likte minst og mest, og kva ein ideal-kjendis var for dei.

I gruppeintervjua opplevde forskarane at uttrykk for avsmak og humor gjekk att. Medan avsmaken i stor grad var retta mot kvinnelege kjendisar, var det i tillegg særleg to mannlege artistar som vart mål for slike reaksjonar – Justin Bieber og One Direction.

Desse vart drøfta igjen og igjen i intervjua, og sjølv om det var nokre positive diskusjonar, var informantane overveldande negative. Begge artistane var ofte blant kjendisane deltakarane hata mest.

Saka held fram under videoen.

Justin Bieber med låta What do you mean?. Justin BieberVEVO/YouTube.com.

Feminine artistar
Når nokon uttrykte avsmak for Bieber eller One Direction, styrkja det ofte samhaldet i gruppa, etter kvart som dei andre kasta seg på. Når jenter innimellom uttrykte at dei likte Bieber eller musikken hans, vart dette ofte latterleggjort eller slått ned på i gruppene.

Endå sjeldnare var det at gutar sa noko positivt om Bieber eller One Direction, noko som også vekte negative reaksjonar frå dei andre.

LES OGSÅ: Kva kjønn er du?

Forskarane forklarar reaksjonane med at Bieber og One Direction vert oppfatta som feminine. Artistane vert assosierte med «feminiserte og trivialiserte» formar for kultur. Fansen deira, Beliebers og Directioners, vart i intervjua skildra som raringar, og som patetiske, galne og barnslege.

 Dette heng saman med korleis tenåringsjenter historisk sett har blitt rekna som «dei andre» i sitt forbruk av kultur. Det maskuline vert til i det ein tek avstand frå femininisert kultur, skriv forskarane.

I tillegg såg mange av informantane på artistane som barnslege.

Gutane må ta avstand
– Bieber er ikkje «ordentleg» maskulin, skriv forskarane.

Dei observerte at det var nær umogleg for gutar å like Bieber eller One Direction, utan at dei tok ein form for atterhald. Til dømes kunne gutar som var positive til Bieber forklare dette med kor mange bra damer han drog og kor rik han er. Dei held seg dermed innanfor det tradisjonelt maskuline.

LES OGSÅ: Vil du ha hen?

Gjennom intervjua såg forskarane korleis deltakarane brukte lått og avsmak for å regulere kvarandre og utforske identitetar.

– Våre analysar tyder på nokre skift i korleis maskulinitet vert utøvd og regulert. Samstundes syner dei at éin type maskulinitet framleis dominerer, konkluderer forskarane.

I møte med mjukare formar for maskulinitet, distanserte deltakarane seg. Dette tolka forskarane som uttrykk for subtile formar for homofobi og anti-femininitet, som voktar grensene for korleis ein skal vere mann.

Fleire forklara til dømes avsmaken mot Bieber med at han var jentete eller gay. Dei hadde likevel vanskar med å forklare kvifor det skulle vere gale, i tråd med at homofobi og eit negativt kvinnesyn har vorte mindre akseptert.

Forskarane har laga eit verktøy for å drøfte mytar knytt til identitet, som mellom anna kan vere nyttig for lærarar (på engelsk).

LES OGSÅ: Nino likar seg best i dameklede. No vil han ikkje gøyme seg lenger.

Faktaboks

Kjelde: «’Justin Bieber sounds girlie’: Young people’s celebrity talk and contemporary masculinities» (2015), publisert i Sociological Research Online.