Jostedalsbreen blir stadig mindre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Isen her har trekt seg tilbake 130 meter på tre år. Det er ganske mykje, seier Hallgeir Elvehøy til NTB ved Nigardsbreen, ein av armane som strekkjer seg ut frå Jostedalsbreen i Sogn og Fjordane.

Under han er det tørt fjell der isen slutta før. Ei elv av smeltevatn renn forbi, og eit stykke bak han strekkjer breen seg oppover i dalen.

– Rett bak denne steinen stod isen høgt over oss, fortel Elvehøy, senioringeniør i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Det same skjer også mange andre stader på Jostedalsbreen, den største breen på det europeiske fastlandet. Målingane viser at ikkje berre arealet, men også talet på tonn is truleg minka.

LES OGSÅ: Dramatisk krymping av breane


Ei isblokk frå Austdalsbreen i Austdalsvatnet i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

– Blir vemodig
Mens Nigardsbreen har gått tilbake 287 meter sidan 2004, har Briksdalsbreen på andre sida av fjellet krympa med over 800 meter sidan midten av 1990-talet.

På dei siste hundre åra har fleire av brearmane trekt seg tilbake fleire kilometer. Nigardsbreen strekte seg 2,6 kilometer lenger ned i dalen då målingane begynte i 1899.

– Eg blir litt vemodig av det som skjer. Når eg drar opp på breane, ser eg stadig nye fjellnabbar der det før var is, seier Elvehøy.

Han arbeider med å måle storleiken på norske brear, og kan konstatere at det ikkje berre er Jostedalsbreen som krympar. Utviklinga er den same dei aller fleste stader der det finst brear både i Noreg og resten av verda.

På verdsbasis forsvinn kvart år tre gonger så mykje is som den samla ismengda i Alpane, ifølgje World Glacier Monitoring Service.

– I Noreg skjedde ei endring rundt tusenårsskiftet. Alle breane vi måler, har minka sidan då, seier Elvehøy.

LES OGSÅ: Ny forsking stadfestar varmare klima

Klimaendringar
Hovudårsaka til den globale trenden med krympande brear er truleg menneskeskapt global oppvarming.

I tillegg kan naturlege svingingar i klimaet ha mykje å seie lokalt og regionalt. Elvehøy minner om at breane langs norskekysten voks på 1990-talet, og meiner det er vanskeleg å vite om utviklinga i Noreg sidan då berre kjem av temperaturauken på kloden.

Professor Atle Nesje ved Universitetet i Bergen er på si side ganske overbevist om at globale klimaendringar er årsaka til tilbakegangen på breane også her i landet.

– Temperaturauken i Noreg særleg etter år 2000 har gjort at breane har minka sjølv om det har vore ein del år med meir snø om vinteren, seier Nesje til NTB.

Begge ekspertane trur breane vil bli stadig mindre i tiåra framover viss utsleppa av klimagassar held fram med å auke.

– Om det ikkje skjer noko veldig drastisk med dei globale utsleppa, ventar vi at breane berre vil halde fram med å minke, seier Elvehøy. (©NPK)


Hallgeir Elvehøy, senioringeniør i NVE, framfor Nigardsbreen, som på tre år har trekt seg tilbake om lag 130 meter. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Faktaboks

Fakta om Jostedalsbreen

Dekkjer eit område på 487 kvadratkilometer i Sogn og Fjordane. Isbreen er den største i Noreg og på heile det europeiske fastlandet.

Briksdalsbreen, Nigardsbreen, Austdalsbreen og fleire andre brearmar strekker seg ut frå Jostedalsbreen.

Storleiken blir påverka både av temperaturen om sommaren og kor mykje snø som fell om vinteren.

Sidan tusenårsskiftet har alle brearmane rundt Jostedalsbreen der det blir gjort målingar, trekt seg tilbake.

(Kjelder: NVE, Stor norske leksikon, NTB) (©NPK)