Ja til muslimske skular

Emil André Erstad
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange har reagert på at gruppa «Mødre for muslimsk grunnskole» har fått klarsignal til å starte ein muslimsk ungdomsskule i Oslo. Dessverre har mange av reaksjonane mangla ei prinsipiell grunngjeving, slik som då Trond Giske sa på vegne av Arbeidarpartiet at «ein muslimsk skule vil føre til at born i større grad vert sortert etter religion.« At Ap og Trond Giske i mange år har støtta drifta av kristne friskular, viser tydeleg prinsippløysa i denne saka. Ein kan undre seg over kvifor enkelte har ein slik prinsipplaus uvilje mot muslimske friskular. Er det ei frykt for det som er framandt som ligg til grunn?

Hovudargumentasjonen til motstandarane av ein muslimsk ungdomsskule er at eit slikt tilbod vil føre til auka segregering. Altså, at muslimske elevar ikkje vil finne vegen til den offentlege skulen fordi dei plutseleg kan gå på ein skule som tilbyr språkundervisning i arabisk, og islamkunnskap. Dei meiner at dette vil svekke den offentlege skulen. Det er ei frykt basert på myter, og ein kritikk som i liten grad har ramma kristne friskular.

No veit eg lite om dei konkrete vurderingane som er gjort i saka knytt til «Mødre for muslimsk grunnskole» i Oslo, men eg trur likevel vi bør hugse på eit par viktige ting sånn reint prinsipielt.

Det første er prinsippet om foreldreretten – ein viktig basis for den norske friskulepolitikken – som Arbeidarpartiet har støtta både i regjering og opposisjon. Foreldreretten seier at viss foreldre ønskjer eit anna innhald enn den offentlege skulen kan tilby, så skal foreldra få velje dette for borna sine. At dette prinsippet ikkje skal gjelde for foreldra i denne saka, framstår lite prinsipielt og rammar urettferdig.

Det andre er tanken om at friskular er eit godt supplement til den offentlege skulen som representerer mangfaldet i samfunnet vårt. Ingen elevar er like, og alle har ulike behov. Ved å kunne velje mellom offentleg skule eller friskule får elevar ein viktig valfridom, i tillegg til at friskulane på ein positiv måte kan utfordre den offentlege skulen til å bli endå betre. Friskulane har uansett ikkje sjans til å representere noko talmessig trussel mot den offentlege skulen.

Det tredje er myta om segregering. Når Trond Giske og fleire andre seier at ein muslimsk ungdomsskule i Oslo vil føre til at skulane sorterer etter religion, har dei misforstått korleis friskulane fungerer. Det at det i læreplanen er noko meir kristendom, islam eller Rudolf Steiner-antroposofi betyr ikkje at ein må vere kristen, muslim eller antroposof for å gå der. På dei fleste kristne friskular eller Steinerskular går det i dag ofte eit fleirtal elevar som ikkje ser på seg sjølv som kristne eller antroposofar. Det er fordi alle elevar, uansett bakgrunn, nyttar seg av mangfaldet i skuletilbudet. Det mangfaldet er ikkje farleg, men det gjer samfunnet rikare.

Eg står att med tre alternativ: 1) Ein kan forby alle formar for supplement til den offentlege skulen. Nokon vil kanskje innvende at det er ein smule autoritært og intolerant, men la gå. 2) Ein kan tillate friskular, men ikkje gje dei statsstøtte. Då vert det fort berre dei med stor lommebok som kan ta seg råd til å gå der. Å drive skule er ikkje gratis. 3) Ein kan statsstøtte eit godt, positivt supplement til den offentlege skulen slik ein gjer i dag – og la muslimske friskular vere ein del av dette tilbodet.

Eg veit i alle fall kva alternativ som legg vinn på mangfaldet og det livssynsopne samfunnet.