– Ikkje rart at folk har klimafiendtleg åtferd

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny talsperson i Grøn Ungdom

– Miljøpartia må ta ressursbruk på alvor i den grad at me snakkar om forbruk. Dette har vore vanskeleg å ta i for politikarane, kanskje fordi det er upopulært, men det handlar ikkje om folk skal dusje i mørkret, understrekar Anna Serafima Kvam, som på landsmøtet i helga vart einstemmig valt til ny talsperson i Grøn Ungdom.

LES OGSÅ: AUF og Grøn Ungdom aukar mest

Frø svart til grønt
19-åringen tek plassen som kvinneleg talsperson i ungdomspartiet til Miljøpartiet Dei Grøne etter Ingrid Ophaug Dahl. Denne rolla deler ho med talsperson Lage Nøst (23), som vart valt for ein ny periode.

Med dette vert ho noregshistorias yngste leiar av eit stortingspartis ungdomsorganisasjon.

I tillegg til personleg forbruk er sjølvsagt oljepolitikken og det grøne skiftet ei viktig sak for den miljøengasjerte 19-åringen. Faktisk den viktigaste saka.

– Norske politikarar må slutta å lata som om oljeverksemda vår ikkje øydelegg klima, og byrja å sjå oljepolitikken i samanheng med at iskanten smeltar. Me må omstille norsk økonomi slik at me som er unge kan få tusenvis av grøne jobbar for framtida, uttala Kvam i ei pressemelding frå partiet.

Til Framtida forklarar ho at desse grøne jobbane kan skapast ved å flytte arbeidskraft og kloke hovud frå petroleumsindustrien over til jobbar der den velutvikla teknologien kan utviklast og seljast vidare. Innafor attvinning ser ho òg moglegheiter til å utvikle løysingane me i Noreg allereie er gode på og selje dei vidare.

Kvam kjem sjølv frå oljehovudstaden Stavanger og har gjennom oppveksten sett på nært hald kor dominert samfunnet er av oljeindustrien, difor er ho ekstra oppteken av at den grøne omstillinga i minst mogleg grad skal gå ut over arbeidsplassar.

LES OGSÅ: – Ap fortset i blind oljerus

Skomakarjobb
Som politikar meiner ho det er viktig å kommunisera dei store utfordringane me står overfor, samstundes som ein må få fram at kvar enkelt person kan gjere ein forskjell.

– Ein engasjerer ikkje store massar med dommedagsprofetiar. Ein må syne kva handlingsval enkeltmenneskjer har, seier Kvam, som vil jobba for systemendringar slik at det vert enklare og meir lønsamt å velje klimavenleg.   

– Det er ikkje rart folk kjøper nye sko framfor å reparere, fordi det er billegare. Det må løna seg å kjøpa ting som varer. I tillegg handlar det om å redusere emballasje, først og fremst på matvarer. Me må òg vri skattesystemet slik at varer med høgt karbonavtrykk ert dyrare, medan varer med lågare karbonavtrykk vert billegare. Når det er billegare å fly til London enn å ete middag ute er det ikkje rart at folk har ei klimafiendtleg åtferd, avsluttar Kvam.

Faktaboks

Anna Serafima Svendsen Kvam, talsperson i Grøn Ungdom

Alder: 19 år

Studerer: Filosofi på Blindern

Favorittfag: Logikk (no) Norsk (på VGS) 

Medlem i: Press, Redd Barnas Ungdom 

Fritid/Hobby: Lese krimbøker