Ikkje fleire kvinner i kommunestyra

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK har gjennomgått 100 norske kommunar etter kommunestyrevalet i midten av september. Resultatet viser at kvinnedelen i kommunestyra ligg på 38 prosent.

LES OGSÅ: – Går glipp av politiske talent

Kommunal- og moderniseringsdepartementet starta i fjor eit prosjekt for å få fleire kvinner i lokalpolitikken. 72 kommunar i landet som etter førre val hadde mindre enn 30 prosent kvinnelege folkevalde, fekk tilbod om hjelp for å få betre kjønnsbalanse. Kvinnedelen i kommunestyra etter valet i år er likevel den same som i 2007 og 2011.

– Ein gjennomgangsmelodi når vi har vore ute i kommunestyra, er at det kanskje er vanskelegare å motivere kvinner til å stille, seier valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen.

Han har funne at årsaka til kvinnemangelen er at menn nominerer menn til partilistene.

– Veldig mange parti plasserer menn, og gjerne politisk erfarne, middelaldrande menn, i nominasjonskomiteane. Og sjølv om viljen ofte er den beste, så tenderer dei til å finne folk som er like seg sjølve, seier Flo til NRK.

LES OGSÅ: Vil ha kvinner inn i kommunestyra