Humlas flukt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har ein veldig stor del av humlene i verda. Humlene dominerer på den nordlege halvkula og er tilpassa eit kaldare klima, fortel seniorforskar Frode Ødegaard ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Saman med andre humlekjennnarar har han samla og skildra dei 35 humleartane vi har i her i landet i den nye i boka «Humler i Norge».

LES OGSÅ: Humlene i Oslo får eigen autostrada

Stort ansvar
Her slår Ødegaard og medforfattarane fast at vi har eit rikt mangfald av humler. 35 av til saman 250 artar på verdsbasis utgjer ein større prosentdel enn for dei fleste andre organismegrupper, påpeiker forfattarane.

– Slik sett har vi også eit stort ansvar, seier Ødegaard.

Humlene er nemleg blant dei viktigaste pollinatorane vi har, og saman med andre bier står dei for ein tredel av i matproduksjonen i verda gjennom bestøving av plantar. Men humlene møter utfordringar.

Eit tørrare og varmare Europa er éi årsak til at forskarane trur at fleire humleartar vil suse seg mot nordlegare område i framtida. Fire nye artar kan kome til på den norske artslista, enten fordi dei til no er oversett i Noreg eller nettopp fordi dei ekspanderer. I det heile verkar situasjonen meir kritisk ut for humlene i Europa.

– Ei europeisk raudliste som blei gitt ut for ikkje så lenge sidan synte at 25 prosent av humlene har risiko for å døy ut. Mange av dei er artar i høgare strøk, fortel Ødegaard.

LES OGSÅ: Palmeoljeversting stoppar all avskoging

På raudlista
Men også nokre av artane vi har her i landet lever i risikosona. På Norsk Raudliste frå 2010 finn vi seks humleartar. Desse er kløverhumle, slåttehumle, bakkehumle, lundgaukhumle, kysthumle og grashumle.

– Kløverhumla er den arten som er mest trua. I fjor blei ho berre funnen to gonger. Ho er heilt på randa av utrydding, fortel Ødegaard.

 Lundgaukhumla, som tidlegare har vore vanleg på Vestlandet, er no berre funnen i Hedmark.

Dronning av tregjøkhumle, Bombus norvegicus, på løvetann, Rinnleiret i Levanger, Nord-Trøndelag (Foto: Frode Ødegaard / Norsk institutt for naturforsking (Nina)).

Samansette utfordringar
Fleire faktorar enn klimaendringar kan skape trøbbel for dei lodne skapningane.

– Humler har to krav, mat og ein stad å bu. Dei lever av pollen og nektar. Arealendringar gjer det at blir færre blomsterenger, og det blir vanskelegare å finne mat, seier Ødegaard.

Humlebol er eittårige og treng stabil mattilgang gjennom sesongen. Bolplassar kan òg vere ein prøvelse. Humlene tek gjerne i bruk gamle musebol, eller dei kan bruke fuglekasser.

Forureining er ein annan trussel. Særleg ei gruppe sprøytemiddel kalla neonikotinoider som har vore vanlege i landbruket, har vorte knytte til biedød. Desse midla er no midlertidig forbodne i EU.

– Dei kan nok ha større konsekvensar enn det vi har sett. Når bestandane blir små kan dei få problem med sjukdom i bolet. Ein kan òg få problem knytt til innavl og lite genetisk variasjon, seier Ødegaard, men understrekar det er i Europa utfordringane er størst.

LES OGSÅ: Blåkvalen har vendt tilbake

Auka interesse
Samtidig som humlene møter samansette problem, verkar det som fleire har fått auga opp for betydninga av humler, bier og andre pollinerande insekt.

– Det har skjedd enormt mykje. Då vi i NINA begynte med humler i 2007/2008 var det ikkje snakk om pollinerande insekt eller humler. Det var ikkje ein gong ei raudliste over humler. Vi starta ein kampanje for å få ei statusoversikt. Det blei òg laga norske namn på alle humleartane. Det kom oppslag i media og kampanjar blei starta på sosiale medium, fortel Ødegaard.

– Samtidig som dette skjedde voks interessa for økosystem og det arbeidet naturen gjer for oss. Nyheiter om biedød og kolonikollapar vekte merksemd i heile verda, seier han.

– Studer humlene

Og uansett om ein er lite, litt eller veldig interessert – med sommartid og blomstring er dei brummande insekta både å sjå og høyre. Anledninga til å lære noko nytt er absolutt til stades.

– Eg oppfordrar alle til å begynne å studere humler. Dei er artige å sjå på, og alle har dei i hagen. Det er kjekt å studere fargekodar og prøve å artsbestemme humler. Og dei bidreg til at det blir frukt og bær, seier Frode Ødegaard.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Faktaboks

Vil du leggje til rette for humlene?

Lag humlekasser. Humlene slår seg gjerne ned i musebol. Å kopiere oppbygginga av musebol er difor lurt.

Plant humlevennlege blomar. Generelt er raude/lilla blomster med sterk duft og mykje pollen ekstra attraktive.

Sett av ein bit av plenen din, gjerne ei varm skråning der naturlege plantar veks. Humler likar naturlege plantar, og skråningar kan vere gode bolplassar.

Unngå bruk av sprøytemiddel.

Visste du dette om humler?

Insektfamilien humler og bier høyrer til overfamilien bier.

Av dei 35 humleartane i Noreg er 28 sosiale. Dei lagar samfunn og fordeler arbeidsoppgåver.

Sju av dei norske artane er gaukhumler. Dei samlar ikkje nektar og pollen, men fortærer næringa med éin gong. Gaukhumlene overtek bola til sosiale artar, der dei legg egg. Arbeidarhumlene til verten steller egg og larvar.

( Kjelde Frode Ødegaard/ Humler i Norge )