Høgare risiko for å døy

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein ny studie vert den traumatiske opplevinga av å miste ein forelder i oppveksten, knytt saman med ein høgare risiko for å døy i åra etter.

LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjartesorg

Studien vart publisert i det vitskaplege tidsskriftet PLOS Medicine, ifølgje Videnskap.dk.

I studien finn forskarane at personar som har mista anten mor eller far i barndomen har kring femti prosent høgare sjanse for å døy i åra etter foreldra sitt dødsfall, enn barn som ikkje har opplevd det same.

LES OGSÅ: Får fleire piller etter sjølvmordsforsøk

Forskarane har kome fram til tala basert på data om alle barn født i Danmark mellom 1968 og 2008, i Sverige mellom 1973 og 2006,  og ein stor del av barn fødd i Finland mellom 1987 og 2006.

LES OGSÅ: Aids-epidemien kan bli stogga

Risikoen var høgst for dei som hadde mista ein forelder på grunn av sjølvmord.

Forskarane bak studien meiner samanhengen skuldast både arvelege disposisjonar for alvorlege sjukdommar og etterverknader frå foreldra sitt dødsfall på barnas velferd.

LES OGSÅ: Difor er byen varmare enn bygda