Her er namnet på kvinneleg onani

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– RFSU-medlemmene har sagt sitt og det sjølvsagde ordet for kvinners onanering er «klittra». No vonar me at ålmenta tek i bruk ordet og at det berre er eit tidsspørsmål før me ser det i Svenska Akademiens Ordlista, sa forbundsordførar i RFSU Kristina Ljungros, då dei tidlegare denne månaden lanserte Sveriges nyaste ord.

LES OGSÅ: Alle fitter er like fine

200 unike framlegg
Den svenske seksualopplysningsorganisasjonen meinte at svenske kvinner sakna eit godt ord for å stimulera seg sjølv seksuelt. Svenskane brukar ofte orda «onani» og «runke» om seksuelle stimuli med hender. Fyrstnemnte vert oppfatta som meir klinisk og kjønnsnøytralt, medan sistnemnte helst vert nytta om å ta grep om penis.

«Kvinner forventast ikkje å ha lyst eller vere kåte på same måte som mannen, noko som speglast i mangelen på ord. Me må kunna prata om kvinners onani på sama sjølvsagde måte som mannens onani – og då trengs eit vedteke ord,» skriv RFSU (Riksförbundet för sexuell upplysning) på sine sider.

For å ta eit oppgjer med desse tabua lanserte organisasjonen i fjor ein konkurranse der dei inviterte publikum til å koma med framlegg.

Totalt fekk juryen inn nesten 200 unike ord. 40 ord vart valt ut slik at publikum kunne stemme fram sin favoritt. 

«Klittra» fekk om lag 30 prosent av stemmene, følgd av «pulla» (16 prosent) og «runka» (7 prosent), «scrolla» (6 prosent) og «selfa» (5 prosent).

Vinnarordet speler på at det dreier seg om stimulering av klitoris.

LES OGSÅ: Klitoris er toppen av eit isfjell

«Snippa» visar veg
Dette er ikkje fyrste gong RFSU og svenskane tenkjer nytt om språk.

For femten år sidan lanserte RFSU ordet «snippa» om vagina. Det er ein kvinneleg ekvivalent til ordet «snopp», som vert brukt om penis. I 2006 vart «snippa» tatt inn i Svenska Akademiens Ordlista og nyleg kom den omdiskuterte teikneserien «Snippan och Snoppen».

Nyordet «kjønnskrans», som skulle erstatta det misvisande ordet jomfruhinne er eit anna døme.

LES OGSÅ: Nyord engasjerer i Norden