Her er Jærens yngste veljar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ganske forvirrande og mykje å setja seg inn i. Eg er litt for og litt i mot ei kommunesamanslåing og må setja meg ennå betre inn i saka før eg skal røysta, seier Henning Undheim.

Elevrådsleiaren ved Undheim skule har nettopp fått beskjed om at han kan verta historisk. I og med at folkerøystinga om Jæren kommune finn stad den 25. april, vil han vera yngre når han legg stemmesetelen sin i urna enn dei yngste som røysta ved kommunevalet i haust. Henning Undheim er nemleg ein av to ungdommar på Jæren som vil vera 15 år og 117 dagar når han røyster. Ingen på Jæren blei fødd seinare på året enn 30. desember i 2000. Undheim vil også vera blant Norges yngste veljarar.

– Politikarane må overbevisa oss

– Eg synest det er kult at eg vert den yngste veljaren på Jæren. Det er nok ein av få fordelar med å vera fødd så seint på året, seier han.

– Visste du at du hadde røysterett?

– Eg har vore litt usikker. Det var berre 16-åringane i Hå som fekk røysta ved kommunevalet i haust, så eg visste ikkje om det var slik ved dette valet også, svarar Henning Undheim.

– Kva tenkjer du nå som du har funne ut at du kan røysta?

– Eg synest det er gildt og spanande. Plutseleg var dagen her der det eg meinar har noko å seia. Me har hatt mykje om røysterett på skulen og eg tykkjer det er viktig at eg brukar denne retten.

– Nokre meiner at 15-, 16- og 17-åringar er for unge til å røysta. Kva meiner du?

– Eg synest det er bra at me får røysta, men eg trur nok at valdeltakinga vil gå ned. Eg trur ikkje at ungdom går og røyster for å tulla. Dei som er engasjerte vil heilt sikkert røysta på det dei meiner er det beste. Problemet er at dei som ikkje er engasjerte heller sit heime i staden for å røysta.

– Politikarane snakkar nå om at dei må få engasjert ungdommen. Korleis skal dei klara det?

– Me er opptekne av skule, fritidstilbod og kollektivtransport. Politikarane må overbevisa oss om at dette kan bli betre i Jæren kommune. Skulebygg må rustast opp og fleire skular treng nytt ustyr. Me har til dømes ikkje ipadar i 10. klasse på Undheim skule. Det kunne me tenkt oss og eg ser føre meg at skulane kan få meir pengar ved ei samanslåing. På Undheim er me også opptekne av at ungdomstrinnet ikkje blir flytta til Lye. Det er ein ting eg fryktar vil skje i Jæren kommune. I dag har Time berre to små skular. I Jæren kommune blir det fleire små skular og då kan det fort henda at nokre av dei forsvinn. Eg fryktar også ei sentralisering av fritidstilbod. Og om me må reisa lenger, må i alle fall kollektivtilbodet bli betre. I dag går det berre fire bussar i døgnet frå Undheim til Bryne.

– Er kommunesamanslåing eit tema det blir snakka mykje om hjå dykk?

– Nei. Det er ikkje akkurat det me snakkar mest om. Eg har diskutert det litt med foreldra mine, men eg reknar med det blir meir snakk om det nå som det nærmar seg.

LES OGSÅ: – Kommunane må byggast på nytt

Tema på skulen?

Henning Undheim håpar også at kommunesamanslåing er eit tema som blir teke opp i undervisninga på skulen framover.

– Det hadde vore fint om lærarane kunne finna saklege argument for og i mot. Det hadde også vore gildt å få besøk av ein politikar, men eg veit ikkje om det er så aktuelt at dei besøker oss når me berre har ni elevar som kan røysta her, seier han.

Rektor ved Undheim skule, Tordis Sandvik, kan fortelja at skulen har planar om å snakka om kommunesamanslåing med elevane.

– Det har ikkje vore på timeplanen til nå, men det kjem, lovar ho.

Les meir om kommunesamanslåing her!

Framleis negativ til røysterett for ungdom

Den 20 år gamle Hå-politikaren Benjamin Aarskand Erikstad gjekk i vinter hardt ut mot røysterett for 16- og 17-åringar, og stemte mot forslaget i Hå kommunestyre.

– Kommunesamanslåinga har mykje å seia for innbyggjarane i Hå 100 år framover, og når valdeltakinga gjekk ned i haust, meiner eg det ikkje er nødvendig å prøva med fleire politiske eksperiment, uttalte han då

I etterkant skreiv han lesarinnlegg om saka der han mellom anna stilte spørsmål ved kunnskapsnivået til ungdommane.

– Eg har innsett at saka er tapt, men er framleis negativ til at ungdommar får stemma. Likevel er eg nå oppteken av at me må mobilisera og opplysa slik at folk bruker stemmeretten sin.

– Korleis skal dette gjerast?

– Me må bruka dei sosiale plassane ungdom oppheld seg. I Jærbladet på onsdag las eg at elevar på vidaregåande ikkje veit at dei kan stemma. Det må me gjera noko med, og her bør både ungdomsskular og vidaregåande skular ta ansvar. Dei tre vidaregåande skulane på Jæren skal arrangera debattar, men det er også mange elevar som går på vidaregåande utanfor Jæren som treng informasjon. Eg synest at kommunane har gjort ein god jobb på Facebook, men det er nok ikkje så mange ungdommar som følgjer kommunane sine. Difor har ja- og nei-sida i debatten også ein jobb å gjera på sosiale media, svarar han.

Les saka i Jærbladet!