Han er den nye AUF-leiaren.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hussaini vart vald i dag.  – Dette blir eit sterkt sentralstyre for AUF, og ei god løysing for heile organisasjonen, seier leiar av valkomiteen, Truls Wickholm på AUF sine heimesider.

LES OGSÅ: Gir seg som AUF-leiar

Netthets
Det var ingen motkandidatar til Hussaini. Han vart innstilt av valkomitéen tidlegare denne veka.

Hussaini, som kom til Noreg frå Syria som tolvåring, vart fort møtt med netthets, ifølgje Aftenposten.

Ifølgje avisa vart innstillinga diskutert heftig på ulike fora. Mellom anna vart det møtt med hets på Facebook-sida til SIAN (Stopp Islamiseringen av Norge), der det vart sagt at valkomiteen burde henrettast.

Hussaini sjølv kommenterte til Aftenposten at han er stolt av dei kurdisk-syriske anane sine, og er også stolt av å føla seg 100 prosent norsk.

LES OGSÅ: Dokumentasjon av ein generasjon