Halvparten meiner innvandring gjer Noreg betre

Fleire nordmenn enn tidlegare meiner innvandrarar forbetrar det norske samfunnet, viser ei ny undersøking. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meiner innvandring gjer Noreg betre

Samtidig meiner mange at innvandrarar fører med seg meir kriminalitet.

50 prosent av dei spurde er «einige» eller «sterkt einige» i påstanden om at «innvandrarar forbetrar samfunnet ved å ta med seg idear og kulturar», viser undersøkinga utført av Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD).

LES OGSÅ: KrFU vil ta i mot 5000 ekstra flyktningar

22 prosent svarar at dei er «ueinige» eller «sterkt ueinige» i påstanden.

I ei liknande undersøking frå 2003 svarte 42 prosent at innvandrarar forbetrar Noreg.

I den nye undersøkinga svarar 72 prosent at dei er einige i at innvandring fører med seg meir kriminalitet, medan 11 prosent er ueinige i påstanden. (©NPK)

LES OGSÅ: Berre fire av ti innvandrargutar fullfører vidaregåande