Halvparten av foreldra til 22. juli-offer er sjukmeld

51 prosent av dei etterlatne foreldra etter terrorangrepa 22. juli 2011 er framleis ikkje tilbake i jobb på same nivå som før angrepa, viser ei undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter det Aftenposten fortel er undersøkinga ein del av forskingsprosjektet «Etterlatte etter 22.07», som er leidd av professor Kari Dyregrov, forskingsleiar ved Senter for krisepsykologi.

Posttraumatisk stressliding
To av tre foreldre har framleis store symptom på posttraumatisk stressliding (PTSD), ifølgje undersøkinga. I tillegg slit seks av ti foreldre framleis med sorg av svært intens karakter.

– Dette er ei viss framgang sidan den første målinga for over to år sidan, men nokre har også teke to steg tilbake. Det er ei mindre gruppe som klarar seg bra. Den store gruppa slit framleis veldig, seier Dyregrov til Aftenposten.

LES OGSÅ: AUF tek Utøya tilbake

Mødre slit mest
Ifølgje tidsskriftet Psykologisk.no er det mødrer som slit mest. Forskarane er derimot ikkje overraska over at mange har problem.

– Det er ikkje vanskeleg å forstå at så mange slit over tid. Tala liknar på dei ein fann for etterlatne foreldre tre og eit halvt år etter 11. september-terroren i USA, seier Dyregrov.

Den aktuelle undersøkinga blei gjennomført 40 månader etter terrorangrepet. Til saman har 220 etterlatne vore med i undersøkinga på eitt eller fleire tidspunkt, slik at 79 prosent av dei døde er representert med anten foreldre, søsken, partnar eller barn.