Forskarar: – Vi må redde primatane

60 prosent av alle primatane er utryddingstrua. Vi menneske har skulda.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6 av 10 er utryddingstrua

Ei stor gruppe forskarar åtvarer om at tre av fem artar av primatar er utryddingstrua, og heile tre av fire primatar har minkande populasjonar.  

– Det trengs umiddelbar global merksemd for å reversere risikoen for at primatane vert utrydda, samt å finne berekraftige løysingar for menneska som bur i dei aktuelle områda, skriv forskarane i rapporten som vart publisert i Science Advances denne veka.

Primatane inkluderer oss menneske, samt gorillaer, lemurar, makaker, sjimpansar og gibbonar.


Frå høgre: menneske, sjimpanse, orangutang og makake (minst). Primatskallar av Christopher Walsh, Harvard Medical School.

Menneskeleg aktivitet
I Noreg er primatar berre å sjå i dyrehagar og BBC-dokumentarar, men andre stader i verda er primatar ei viktig kjelde til kjøt for lokalbefolkinga. Mange av primatane bur også i område som må vike for auka menneskeleg aktivitet.

Forskarane listar opp fleire direkte årsaker til at mange av primatane no er truga, mellom anna jordbruk, jakt, skogsdrift, storfedrift, gruvedrift, fossilt brensel, oppdemming, dårleg leiarskap, sosial uro og klimaendringar.

Fleire utryddingar
Konsekvensane for dyra er tap av leveområder, auka sjukdom, samt lokal utrydding eller reduksjon i talet på dyr. Tap av primatane får også konsekvensar for oss menneske.

– Dei er våre næraste nolevande biologiske slektningar, og gir viktig innsikt i menneskets evolusjon, biologi og atferd, samt at dei speler viktige roller i levebrødet, kulturen og religionane til mange samfunn, skriv forskarane.

– Eg tru vi kjem til å få ein del utryddingar dei neste 50 åra dersom ting held fram slik dei er no, seier Anthony B. Rylands, seniorforskar ved Conservation International og medforfattar til rapporten til New York Times.

LES OGSÅ: Rekordvarme tredje år på rad

Faktaboks

Det er no totalt 505 artar av ikkje-humane primatar.

Primatane inkluderer halvapar, egentlege apar, menneskeapar og menneske

Dei lev i Sør-Amerika, Afrika, Madagaskar og Asia.

85 av dei nyaste artane har blitt oppdaga sidan 2000, og det er venta at fleire vert lagt til lista i år.

Mange bur i trea og nokre oppheld seg på bakken.

Primatane har svært stort spenn i storleik, frå 30 gram til 200 kilo. 

Kjelder: Science, NYTimes og snl.no