Foreldre påverkar skulevalet mest

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei påverkar skulevalet mest

– Mamma er lærar på vidaregåande og ville at eg skulle ta allmennfag. Ho såg kanskje at ein kan få høgare status med å gå den vegen. Det er kanskje slik at ein ser litt ned på yrkesfag, seier helsefagarbeidar Stine Kipperberg i serien «Gull, ære og hardt arbeid».

Kipperberg gjekk helse og sosial – tilsvarande dagens helse og oppvekstfag – på VG1, og helsearbeidarfag på VG2, før ho tok læretida og fagbrev.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

Skeptiske foreldre
I den fem episodar lange dokumentarserien møter ein fire av dei norske deltakarane under Yrkes-EM 2014.

I første episode sit familien Harsem-Kippersberg rundt middagsbordet. Mamma Brit Harsem, som sjølv er studierettleiar, forklarar at ho var skeptisk til dottera sitt utdanningsval på grunn av jobbutsiktene.

– Kva anna yrke er det dei klarar å lage 16 og to tredels stilling? Det er eit yrke der det er vanskeleg å få full stilling og eg tykkjer det feil å lokke ungdom inn i eit yrke der dei ikkje kan få full jobb, seier Harsem.

Då serien vart spelt inn hausten 2014 førebudde den unge helsefagarbeidaren seg til Yrkes-EM i Lille i Frankrike hausten 2014. Det vart suksess for Ålesundsjenta, som gjekk heilt til topps.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag

Viktige foreldre
Innan 1. mars skal 75.000 ungdomsskuleelavar velje vidaregåande utdanning.

Frå ein er 15 år har ein ifølgje barnelova rett til å velje utdanning sjølv.

Fleire undersøkjarar viser likevel at foreldra er viktige når det kjem til val av utdanning – særleg på vidaregåande skule.

Talet på ungdommar som vel studieførebuande stige jamt dei siste åra – det går ut over yrkesfaga. Ifølgje tala frå SSB byrja nesten 60 prosent av elevane i 2013 på VG1 studieførebyggjande.

I 2011 svara meir enn éin av fem 15-19-åringar at foreldra var det som i størst grad påverka val av utdanning eller yrke.Undersøkinga vart gjennomført av Norstat på oppdrag for Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) og Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelsarbeiderforbund (NNN).

Først på niandeplass kjem rådgjevaren sin innverknad på studievalet.

LES OGSÅ: Fleire fullfører vidaregåande skule

Forsterkar forskjellar
Foreldra er svært ofte delaktige i prosessen med valet av vidaregåande.

Ni av ti foreldre seier dei vil gje råd til bornet sitt om studie og karriere. To av tre foreldre med born i ungdomsskulen opplever at borna vektlegg deira råd, syner ei nyare undersøking frå NHO

– Det er ganske vanleg at foreldre har sterke føringar på kva borna bør velje. Foreldra er meir på banen når dei unge skal velje på vidaregåande enn seinare, og det bør dei òg vere, seier karriererettleiar Trude Kvammen Ekker til NRK.no.

Ungdomsforskar Christer Hyggen ved NOVA kan fortelje at kva råd ungdommar får i stor grad handlar om kven foreldra er.

– Ein konsekvens av at foreldra har stor påverknadskraft, kan vere at det forsterkar ulikheiter i moglegheiter, seier Hyggen til Aftenposten.

Faktaboks

vilbli.no finn du mellom anna oversikt over studieløp og ein interessetest som skal syne kva utdanningsløp som passar deg.