Filma valkampen – så endra alt seg

Filmen “Til ungdommen” følgjer fire ungdomar framfor lokalvalet I 2011. Så endrar alt seg 22. juli. Sjå den ferske filmtraileren her!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sana, Henrik, Haakon og Johanne er med i ulike ungdomsparti. Dei er i ferd med å førebu seg til lokalvalkampen med intens debatt-trening.

Sana El Morabit (SU) gler seg til å få av tannreguleringa før skulestart, Henrik Wangberg (FpU) er lei av å forsvara seg mot radikale ungdomar som seier partiet hans er rasistisk, Haakon Veum (UH) ser fram til å flytta for seg sjølv og Johanne B. Lindheim (AUF) er i ferd med å trekkja seg som skulevalsdebattant fordi ho ikkje taklar presset.

21. juli reiser Johanne med båten til Utøya saman med filmteamet. Så hender det noko som forandrar alt for alltid. Oslo blir ramma av terror. Regjeringskvartalet blir bomba og den høgrekstreme massemordaren dreg vidare til sommarleiren til AUF. 77 menneske mistar livet i angrepa.

«Til ungdommen» er dokumentarfilmen som skildrar generasjonen som blir forma for livet av 22. juli 2011. 31. august er det kinopremiere på dokumentarfilmen.

Fredag blei den første traileren lagt ut:

(artikkel held fram under:)

 

Kari Anne Moe er regissør for filmen. Ho har sjølv vore aktiv ungdomspolitikar. Ho var med til Utøya, men drog heim med MF Thorbjørn igjen kort tid før massemordaren tok same båten over til Utøya.

I bransjebladet Rushprint skreiv ho 15. august i fjor om korleis heile dokumentarfilmprosjektet endra seg etter 22. juli.

– Sant & Usant skulle laga ein dokumentarfilm om fire ungdomar som er aktive i ulike ungdomsparti og korleis dei med brennande hjarte skulle forsvara det dei står for gjennom valkampen hausten 2011. Me såg for oss ein film der Karate Kid møter the Breakfast Club: Klassisk sportsdramaturgi med intense førebuingar fram mot skulevalsdebattane, skriv Moe.
Les resten av historia på Rushprint!