Får tilskot til å lage kvensk film

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilskota blir gitt over tilskotsposten for kvensk språk og kvensk/norsk-finsk kultur, som er ny i år, opplyser Kommunal- og moderniseringsdepartementet.            

LES OGSÅ: – Eg kan vera ein kven

Siivet AS får støtte til å lage ein animasjonsfilm for barn og til ein dokumentarfilm om to kvenske brør. Også Lighthouse Production får støtte til ein dokumentarfilm om kvensk historie og følgjene av at kvenane blei fråtekne språket sitt.

Halti kvenkultursenter og Varanger museum får òg midlar til ulike prosjekt, i tillegg til at forskjellige kurs, tidsskrifter og barnebøker blir støtta. Storfjord språksenter og Halti kvenkultursenter får dessutan driftsstøtte, medan den kvenske avisa Ruijan Kaiku får ekstra driftsstøtte.

LES OGSÅ: Første grammatikkbok på kvensk