Elevforsøk vekkjer oppsikt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå godt på karsen på bilda over og på sida! Den eine halvparten har stått ved sida av to trådlause ruterar – den andre ikkje.

Bak dette forsøket står fem jenter i 9b på Hjallerup Skole i Nordjylland. Forsøket har no vekt oppsikt blant biologar og strålingsekspertar i fleire land.

Det heile starta med at elevane hadde problem med å konsentrera seg i timen på skulen.

– Me meinte alle saman at me hadde opplevd konsentrasjonsproblem i skulen etter å ha sove med mobilen ved sidan av hovudet. Nokre gonger hadde me òg opplevd å ha vanskeleg for å få sova, fortel ein av forskarspirene, Lea Nielsen, til DR.dk.

Skulen hadde ikkje sjølv utstyr til å testa verknaden av mobilstråling. Alternativet deira blei karsefrø.

Eksperimentet

Seks fat blei sett inn i eit rom utan stråling, og seks fat blei sett inn i eit rom ved sidan av to trådlause rutarar. Desse sender ut om lag same type stråling som ein heilt vanleg mobil. Så var det berre til å venta.

Dei til saman tolv fata med 400 karsefrø kvar fekk like mykje vatn og sol.

Jentene vog, målte og tok bilde undervegs. Etter tolv dagar var resultatet klart. Karsefrøa ved sida av ruteren hadde knapt vokse i det heile tatt. Nokre av dei var jamvel døde eller muterte, ifølgje rapporten.

– Det var verkeleg skremmande at det er så stor påverknad. Me blei sjølv veldig prega av resultatet, fortel Lea Nielsen til DR.dk.

Ingen av jentene søv no med mobilen på nattbordet lenger. Den er anten lagt i eit anna rom eller skrudd av. Og pcen blir òg alltid skrudd av om natta.

LES OGSÅ:17-åring bygde kunstig hjerne som finn brystkreft

– Genialt

Forskarar frå England, Nederland og Sverige har vist interesse for prosjektet til 9.klassingane, ifølgje Danmarks Radio. Professor ved Karolinska Instituttet i Stockholm Olle Johanson er ein av dei imponerte forskarane. Han vil no gjera forsøket på nytt i eit laboratorium saman med den belgiske forskingskollegaen sin professor Marie-Claire Cammaert ved Université libre de Bruxelles. Sjølv meiner han forsøket til jentene er heilt genialt:

– Jentene har innanfor rammene av deira eigen kunnskap gjennomført og utarbeidd eit veldig elegant stykke arbeid. Det vell av detaljar og nøyaktigheit er eksemplarisk, valet av den rette karse er svært intelligent, og eg kunne berre heldt fram, seier han til Danmarks Radio.

Artikkelen om forsøket skal ha vore den mest delte i sosiale medium i den danske rikskringkastinga si historie.

LES OGSÅ: – Forsking på farlege virus ute av kontroll

– Dramatisk

Læraren til jentene seier til Framtida.no at han berre hadde venta ein effekt på grensa av det målbare med det utstyret dei hadde på skulen.

– At forsøket til elevane gav så iaugefallande og dramatiske resultat var fullstendig uventa, seier han.

Læraren har fått mange epostar som rosar elevane for setja fokus på eit emne dei meiner er for lite merksemd om.

– Det er ei stor oppleving for ein lærar at elevane ikkje berre er i stand til å gjera svært gode resultat – men at resultata openbart òg har ein samfunnsverdi, seier han til Framtida.no.

Forsøket gav jentene ein finaleplass i den danske Unge forskere-konkurransen.

LES OGSÅ:Ingen bevis for at mobilstråling er farleg

– Ingen helsefare

Kim Horsevad seier til Framtida.no at det enno ikkje er tatt stilling til om resultatet av forsøket vil få noko å seia for bruken av trådlaust nett på skulen eller i kommunen.

Men ifølgje forskarar og helsestyresmakter i både Danmark og Noreg er det ingen grunn til stor bekymring.

I ein rapport til det norske Folkehelseinstituttet hausten 2012, kom det fram at mobiltelefonar og trådlause nett ikkje utgjer nokon helserisiko. Rapporten er utarbeidd på oppdrag for regjeringa.

– Det kan verken påvisast auka risiko for kreft, nedsett fruktbarheit hos menn, andre skader på reproduksjon, andre skader på nervesystemet eller andre sjukdommar og helseskadar, konkluderer dei norske og svenske forskarane i rapporten «Svake elektromagnetiske høyfrekvente felt – en vurdering av helserisiko og forvaltningspraksis».

– Dei vitskaplege undersøkingane som hittil er gjennomført, har ikkje kunna peika på at det er problem med kroniske helseproblem å bli utsett for desse strålene, seier Christoffer Johansen som er professor ved Center for Kræftforskning på Rigshospitalet i København til Danmarks Radio, som ein kommentar til forsøket til 9.klassingane.

Han legg til at både den danske kreftforeininga og helsestyresmaktene kjem med råd om at ein kan redusera eksponeringa av stråling frå mobilen sin ved å bruka handfri mobil eller sms i staden for telefonsamtalar.

Tørka karsen ut?

Men kva er det som førte til at den tilsynelatande store forskjellen i karsespiring?

Blant dei som er kritiske til studien til 9.klassingane er den kjende norske bloggaren og skeptikaren Gunnar Tjomlid.

Han skriv i denne bloggposten at varmlufta og luftsirkulasjonen frå tre PCar som stod og blåste rett på plantene sannsynligvis har hatt vesentleg større effekt på vekstvilkåra enn strålinga. Han viser òg til at underlaget som karsefrøa stod på var forskjellig – noko som òg kan ha påverka temperaturen under frøa – og dermed spiringa.

– Det er alltid bra å inspirera unge menneske til å laga hypoteser, testa desse, og på den måten læra korleis forsking føregår. Det skal applauderast. Men samtidig må nokon tørra å seia at ein slik studie likevel ikkje fortel oss noko særleg, skriv han.

Læraren til elevane, Kim Horsevad, tilbakeviser at uttørking kan vera ei forsklaring på forskjellane.

– Kvart fat, både kontroll- og forsøksgruppa, fekk 2 dl vatn annan kvar dag. Det var passe til å halda karsen nok fuktig, skriv han i ein epost til Framtida.no.

Han understrekar at det kan vera andre feilkjelder som dei ikkje har lukkast å ta omsyn til.

– Me skulle hatt dataloggar for temperatur, lys og fuktigheit ved kvart fat med karse – men slik utstyr råder skulen dessverre ikkje over, skriv han.

Som med alle anna forsking, må forsøket gjentakast fleire gonger under heilt kontrollerte former før det er mogleg å trekkja nokon konklusjon om påverknaden til mobilstråling.