– Eg kan vera ein kven

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikkvideo for kvensk

Som ein del av Kveeni-Luusit – eit prosjekt for å opplysa elevar på vidaregåande skule i Troms og Finnmark om kvensk språk og kultur – har Kvensk Ungdomsnettverk laga ei låt og musikkvideo med eit enkelt bodskap: Du kan vera ein kven.

LES OGSÅ: – Enklare å bruka samisk på sosiale medier

Ein debut i samtidsmusikken
Nora Marie Ollila er leiar i Kvensk Ungdomsnettverk, eller Kveeninuoret, og er prosjektleiar for Kveeni-lusit og produksjonen av låt og musikkvideo.

– Det er kanskje sjeldan kost med kvensk i samtidsmusikken, men no kan det skyta fart, seier Ollila og flirer på telefonen. Ho er overvelda av reaksjonane på musikkvideoen, som skal vera eit kulturelt innslag i deira misjonstur for å opplysa elevane i Troms og Finnmark om kvenane.

– Det å vera nordnorsk og å ikkje ha høyrt om kvenane, er jo veldig spesielt. Men slik er det for mange.

Med på prosjektet er fleire kvensk-ætta artistar, som Petter Pogo frå Jokke og Valentinerne, og Emelie Nilsen frå The Blacksheeps.

– Prosjektet er inkluderande, det er ikkje mot nokon, men for nokon. Og denne biten av norsk kultur fortener merksemd, sa Petter Pogo til Ruijan Kaiku.

Sjå videoen her:

LES OGSÅ: Vil ha Norsk Målungdom på samisk

– Pissa meg ut
Både låt og musikkvideo er veldig likt veldedigheitsprosjektet til Espen Lind og Lene Marlin etter tsunamien i 2004, der norske artistar samarbeidde om låta «Venn» – eit prosjekt som i sin tur gjekk i fotspora til Bob Geldof sitt Band Aid.

I Kveeninuoret sin versjon syng dei «Eg kan vera ein kven, og sei det til alle», og teksten omskriven av Eskild Johansen, Stein Olsen, Katriina Pedersen og Ollila sjølv.

– Det passar så bra. Eg heldt på å pissa meg ut då Eskil kom med forslaget om å skriva om «Venn». Då me sendte ideen rundt til fleire andre i det kvenske miljøet tykte dei og det var kjempemorosamt, så me fekk grønt lys, fortel Ollila.

LES OGSÅ: Oppmodar andre til å få samiske og kvenske namn

Rappa sjølv
Eit problem i prosjektet, fortel Ollila, var at Ravi rappar i den originale versjonen av «Venn». Saman med eit ønskje om å faktisk bruka det kvenske språket i sangen, vart det etter kvart sjølvsagt at rappebiten skulle gjerast på kvensk.

Kven som skulle gjera det, var eit heilt anna spørsmål.

– Etter kvart måtte eg berre ta det sjølv. Det var utruleg artig å sjå språket i ein slik situasjon, og eg tykte resultatet vart bra, seier Ollila – som aldri hadde rappa før denne sangen.

LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar mest

Ein sårbar situasjon
Det kvenske folket er ein offisiell nasjonal minoritet i Noreg, kvenane er etterkommarar av finskspråklege som kom til Nord-Noreg frå grensa mellom Sverige og Finland. Språket er basert på finsk, med norske lånord, og er på vikande front.

– Det kvenske språket er i ein veldig sårbar situasjon no, og me må handla raskt om me ønskjer å halda språket vårt i live. For å hindra at kvensk språk døyr ut, er det heilt naudsynt  å heva det til nivå tre i det europeiske språkcharteret., seier Ollila.

Det Europarådet sin språkcharter er den europeiske pakta om regionale språk eller mindretalsspråk.  Charteret har tre nivå, og i dag er kvensk plassert på nivå to.

– Om kvensk språk blir heva til nivå tre får me moglegheita til å gi nytt liv til språket. Det vil nok vera avgjerande for om me har eit kvensk språk i det heile om 50 år, seier Ollila.

Fleire stiller seg bak ønsket om å plassera kvensk på nivå tre i charteret, og mellom anna har fylkestinga i både Troms og Finnmark stilt seg samrøystes bak forslaget. No har og Tromsø-ordførar Jens Johan Hjort bedt regjeringa om hjelp til å redda det kvenske språket.

LES OGSÅ: «Snakk samisk t'mæ» – om flørting på samisk

– Det handlar om haldningar
I desse dagar planlegg Kveeninuoret ruta for skuleturneen i Kveeni-Luusit-prosjektet.

– No er det planleggingsdagar i skulen, men så snart me veit at me er ein del av timeplanen reiser me ut, seier Ollila.

Ho trur turneen er viktig.

– Mange er interesserte og ønskjer meir informasjon, men dei får ikkje tak i det. I skulen, læreverket og læreplanane har kvensk fått ekstremt lite plass, slik som andre nasjonale minoritetar. Det er mange som går gjennom heile skuleverket utan å høyra noko om kvenane.

– Kva kan folk flest gjera sjølv for å redda det kvenske språket?

– Det handlar om haldningar. Å visa respekt for kultur og språk, og at det får den statusen me ønskjer. Og så kan du melda deg inn i medlem i organisasjonar som oss.

LES OGSÅ: Nytt rekordår for Framtida.no