«Eg er ansiktsblind. Det er difor eg plutseleg trur du er ein heilt annan»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vigdis er ansikts-blind. Er du òg?

 – Eg beklagar, men du er ho med store briller og halvlangt blondt hår.

Det er slike hugsereglar Vigdis Evang bruker for å kjenne att nye personar.

Ho kjenner vanlegvis att folk om ho ser heile skikkelsen med hår, klede og positur.

Om jenter skifter hårfrisyre og sminke, kan det skapa problem.

Når folk har på seg sminke, parykk og kostyme på Halloween vert det verkeleg vanskeleg. Då veit ikkje Vigdis kven nokon er.

– Eg har lese historier om folk som aldri lærer ansikt, men for meg er det slik at eg lærer dei litt etter kvart. Det er nesten som om eg ser alle ansikt på lågare oppløysing enn folk flest. Om nokon liknar ganske mykje, så er det identisk for meg. Det er slik at eg kan sjå at det MÅ vere tante Anne på gata i Roma, sjølv om eg veit at det ikkje er ho, forklarar Vigdis.

LES OGSÅ: Slik vel du det perfekte profilbiletet

Ansiktsdysleksi
– Folk spør om ting som: «Kan eg ta på meg denne lua, eller gløymer du kven eg er då?» Men så lenge du sit der går det jo greitt, ler Vigdis.

Ikkje overraskande får ho ofte spørsmålet: «Ansiktsblindheit, kva er det?»

Forskarar reknar med at kring to prosent av befolkninga er ansiktsblinde.

Randi Starrfelt er lektor i nevropsykologi  ved Københavns Universitet, der ho forskar på ansiktsblindheit.

– Ansiktsblindheit er ikkje ein medisinsk diagnose, men noko me kallar ei utviklingsforstyrring, som er til stades frå fødselen av. Ein kan samanlikna det med dysleksi, som er ein meir kjent diagnose. Ansiktsblinde utviklar aldri den medfødde evna til å kjenna att andlet, noko som kan vera veldig forvirrande i ei verd der det er viktig å kjenne att menneske, forklarar Starrfelt.

Ho fortel at det etter alt sannsyn er ein forskjell i hjernen mellom dei som er ansiktsblinde og dei som ikkje er det.

Det grunnleggjande synet er intakt, men ansiktsblinde har problem med å kopla synsinntrykket til kunnskapen om folk dei kjenner.

Starrfelt er ikkje komfortabel med å fjerndiagnostisere, men stadfestar at fleire av skildringane til Vigdis høyrest ut som ansiktsblindheit, og difor kan vere gode eksempel. 

Ifølgje forskaren er Cambridge Face Memory Test ein god indikator på ansiktsblindheit.

Vigdis prøver seg og får 53 prosent riktige. Dei fleste klarar kring 80 prosent riktig, medan 60 prosent er så dårleg at ein kan vera ansiktsblind.

LES OGSÅ: Ansiktet til Hallgeir vart knust

Kjente ikkje att Obama
– I ein test eg tok tidlegare kjente eg ikkje igjen Obama og då merkar eg at dette er eit problem for meg, seier 21-åringen, litt spøkefullt.

Seinast dagen i førevegen tok ho ein amerikansk test med kjendisar som Margareth Thatcher, Brad Pitt, Robert De Niro, Nixon og W. Bush.

Medan romkameraten fekk 27 av 30 riktige, klarte Vigdis berre 4 av 30.

Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre er òg kliss like i Vigdis sine auge. Men ho har lært seg at han med dei blåaste augo er Jens.

Ho understreker likevel at ho ikkje ser på det å vere ansiktsblind som noko problem.

Vigdis har redusert evne til å kjenne att andlet og ser til dømes ikkje forskjell på seg sjølv og kusina si på bilete, men klarar utan problem å kjenne att familien.

God forklaring
Allereie på 1800-talet skildra nevrologar folk som hadde vanskeleg for å hugse andlet. Men det var først i 1947 at tyske Joachim Bodamer innførte omgrepet prosopagnosia, som på folkemunne vert kalla ansiktsblindheit. 

Då Vigdis først las ei sak om ansiktblindheit i ei nettavis for om lag to år sidan tenkte ho; «jasså». Etter å ha lese meir på Internett og teke ein del testar kom ho fram til at ho mest sannsynleg er ansiktsblind.

– Det verkar jo som ei god forklaring. Eller i alle fall noko eg kan seie til folk når eg møter ei ny gruppe. «Eg er ansiktsblind. Det er difor eg plutseleg trur du er ein heilt annan,» smiler Vigdis, som fleire gonger har innleia samtalar med framande.

Ho har tatt feil av folk så ofte, at ho ikkje lenger vågar å helse på folk på gata.

– Eg las at det er mange ansiktsblinde som har problem med å kjenne att folk utanfor den settingen dei vanlegvis er i, noko eg trur gjeld litt for alle folk. Eg må passe på fordi eg trur eg kjenner att folk, så må eg anta at dei berre liknar.

LES OGSÅ: Jenter bruker lenger tid på utsjånaden enn på lekser

Misforstått
I oppveksten på Oppsal merka ikkje Vigdis noko særleg til at det var vanskeleg å læra ansikt. Ho hadde ein liten krets av folk ho kjente godt.

Men ho kunne ta feil. Som den gongen ho følgde etter ei dame ho trudde var mor hennar – så lenge at det vart rart.

Utfordringane vart større på ungdomsskulen, då fleire nye kom til. Då Vigdis ikkje kjente att folk vart ho kalla distré.

At ansiktsblinde vert misforstått som anten distré eller i sosialt uinteresserte er ikkje uvanleg, ifølgje Starrfelt.

– Det viktigaste å forstå er at det det ikkje er fordi dei ikkje vil. Det handlar ikkje om at dei er uinteresserte, men at dei ikkje kan. Ein del vert sosialt tilbaketrekte, fordi dei merkar at dei gjer feil i sosiale situasjonar, noko som er ubehageleg. Ein kan førestilla seg at det kan føra til sosiale problem og angst, men dette finst det ingen undersøkingar om, forklarar forskaren.

Ho er oppteken av å spreie kunnskap om ansiktsblindheit. Det er spesielt viktig i skule- og helsevesenet, sidan så mange som ein elev i annakvar klasse kan ha det.

Enkle tiltak, som til dømes namneskilt, kan gjere kvardagen lettare for dei som vert råka.

Det kan hindra at born vert misforstått og i alvorlege tilfelle feildiagnostisert med meir alvorlege ting som angst, åtferdsforstyrringar eller autisme.

LES OGSÅ: Flest barn med ADHD i Telemark

Svært arveleg
– Er det noko meir? Jo, babyar og småborn er heilt umoglege å sjå forskjell på, men det er kanskje slik for alle?

Folk som er fødd ansiktsblinde tenkjer på det som normalen, og trur gjerne at andre er spesielt flinke til å kjenne att andlet.

Ein lærte først om tilstanden gjennom unntakstilfella der personar er vorte ansiktsblinde etter ulukker eller å ha fått slag. Det er berre om lag ti prosent av slagpasientane som får slag i dei delane av hjernen som har med synsinntrykk å gjere, og ei lita undergruppe av desse får prosopagnosia.

Dei seinare åra har tilstanden vorte meir kjent.

Kjendisar som Brad Pittsvenske kronprinsesse Victoria og apeforskaren Jane Goodall og systera hennar har fortalt at dei har store problem med å kjenne att ansikt.

Ansiktsblindheit er så arveleg at dersom ein av foreldra har det, er det 50 prosent sjans for at barnet også blir ansiktsblind.L

LES OGSÅ: Taklar ikkje å vere åleine

Tv-mangfald
Ansiktsblinde lærer seg gjerne teknikkarar for å kompensere, der dei bruker klede, gangelag, stemme eller andre kjenneteikn for å identifisere folk.

– Er det noko som gjer det lettare for deg å kjenne att folk?

– Eg prøver å hugsa sirka frisyre, om dei har briller eller ikkje. Det som er lett. Eller om nokon har noko heilt unikt. Det hjelper om ein har ei gruppe som er blanda med hudfarge, hårfarge og klede. Mange tv-seriar er jo flinke på det. Men viss det berre er jenter i alderen 18-19 år med langt blondt hår – det blir ei utfordring. Typisk nok er eg vikar på ein vidaregåande skule, men der må eg jo ikkje kunna nokon namn, smilar Vigdis, som ikkje let seg skremma frå å velje læraryrket i framtida.

Å blanda karakterar i film og tv-seriar er eit typisk trekk for ansiktsblinde.

Vigdis dreg fram spionfilmen «Tinker, tailor, soldier, spy».

– Eg måtte heile tida dulte i broren min og spør: «Kven var det?». Alle karakterane var eldre, britiske, skodespelar i dress, så det var jo heilt umogleg å følje med på.

LES OGSÅ: – Min største skrekk er å bli vaksen

Mykje uvisst
Om ansiktsblindheit faktisk eksisterer har vore omdiskutert.

Og det er framleis mykje me ikkje veit.

Forskarar er til dømes ikkje einige i om ansiktsblinde har dårlegare visuell hukommelse på andre ting enn andlet.

– Eg har veldig god hukommelse, men eg har ganske dårleg retningssans faktisk. Det kan jo hende det heng saman? Så har eg veldig dårleg visuell iq, både når det gjeld å kjenne att mønster, kople saman og visualisere, forklarar Vigdis, som overraskande nok er flink til å teikna portrett.

Starrfelt stadfestar at det ser ut til at mange ansiktsblinde har dårleg retningssans, men det finst òg unntak som er så flinke å orientere seg at dei vert kalla «ein menneskeleg GPS».

– Det verkar som dei fleste har ein eller anna «quirk» i tillegg, men ein har ikkje funne nokon fellesnemnar. Nokon seier dei er håplause med tal, medan andre er mattegeni. Nokre er dyslektikarar, men det me høyrer mest er at dei har dårleg retningssans.

Korleis me kjenner att ansikt skjer så raskt og instinktivt at det er vanskeleg å studere.

Gjennom å bruka manipulerte andlet har ein funne at forma, og plassering av auge nase og munn er viktige for å kjenna att eit andlet. Ser me desse tinga og hårfeste er det lett for dei fleste å kjenna att ein andlet.

Testar viser òg at ansiktsblinde ser meir på andre ting, som øyrer og hårfeste. Rett og slett fordi dei sentrale ansiktstrekka seier dei mindre.

«Ahh, ikkje no igjen»
Starrfelt har høyrt mange triste historier om folk som trur dei sjølv er uinteresserte i andre menneske, slit med å knytte seg til folk og i ekstreme tilfelle ikkje klarar å kjenne att sine næraste.

Det kan med andre ord vere ei alvorleg sosial utfordring, som er viktig at folk får kunnskap om.

– Det som er skummelt er folk eg føler eg burde kjenne, som eg antakeleg ikkje kjem til å kjenne att, forklarar Vigdis.

Ho trekk fram ein nyare episode der ho ikkje helste på ei jente ho kjente, fordi ho hadde sminka seg og fiksa håret. Heldigvis var ho blitt åtvara på førehand.

– Det er ein veldig stor forskjell om ein har kunne sagt det på førehand. Reaksjonen min er: «Ahh, ikkje no igjen.» Men eg håpar det går an å forklare at det verkeleg ikkje er meininga å gå gjennom livet utan å hugse korleis folk ser ut.

LES OGSÅ: Jenta som blei bestefar