Taklar ikkje å vera aleine
Folk flest taklar berre eit kvarter aleine med seg sjølve.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kva skjer dersom du set ein person i eit rom aleine med sine eigne tankar? Etter eit kvarter slår ubehaget inn for dei fleste av oss.
Det kjem fram i ein ny studie som har sett på korleis folk trivst med sine eigne tankar.
Mange har vel kjent på behovet for å sette seg ned i ro og samle tankane. Men studien, som blir publisert i vitskapstidsskriftet Science, viser at dei fleste ikkje synest det er særleg avslappande.
LES OGSÅ: – Normalt å vera einsam
Dei fleste forsøkspersonane fortalte nemleg at det var vanskeleg å sitje aleine i eit rom i meir enn 15 minutt utan å gjere noko anna enn å tenkje.
Eitt av forsøka viste til og med at enkelte heller ville gje seg sjølve elektriske støyt enn å sitje aleine. I denne gruppa var menn overrepresentert.
– Mange synest det er vanskeleg å underhalde seg sjølve ved hjelp av tankar, særleg når dei blir bedt om å gjere det her og no, seier psykologiprofessoren Timothy Wilson ved Virginia University. (©NPK)
LES OGSÅ: Guddommeleg einsemd