≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, framandspråk

«Det er ikkje enkelt å vera nynorsking på norskkurs i Oslo»

Britiske James Puchowski måtte omsetja eksamensoppgåvene sine sjølv. 

James Puchowski
onsdag 5. april 2017 10.32

 «Det er ikkje enkelt å vera nynorsking på norskkurs i Oslo» James Puchowski fortel om erfaringa si frå desember 2015, då han tok eksamen på norsk. Foto: Andrea Nøttveit.

Me har språktestar for å kunna evaluera folks språkferdigheiter. Bergenstesten/Trinn 3-prøva finst for å sjekka at norsktalande utlendingar er dyktige, sjølvstendige språkbrukarar.

Desse testane er ganske viktige, sidan norsk ærleg talt ikkje er det enklaste språket for utlendingar. Ikkje fordi det norske språket er fullt av komplekse, innvikla uttrykk og grammatiske særpreg, men fordi det er fort gjort å blanda inn litt engelsk av og til. Språka er trass alt ganske lingvistisk nære.

Den store testen
15. desember 2015. Semesteret er nesten over og eg tek Trinn 3-prøva – ein eksamen for dei som ikkje har norsk som morsmål, og som har lyst til å ta kurs ved universitetet og høgskular med norsk som undervisingsspråk.

«Svar på én av oppgavene. Skriv minimum 300 ord...» Består du denne prøva, så kan du seia med tryggleik at du meistrar norsk utan store vanskar eller problem.

Gratulerer, norsken din er grei nok, på CEFR nivå (Det felles europeiske rammeverket for språk) B2/C1.

Trinn 3 svarar til ein annan eksamen som heiter Bergenstesten. Formålet er det same.

Til å byrja med må du lytta til eit par lydopptak og så svara på ei rekkje forskjellige spørsmål. Så er det litt leseforståing og essayskriving. 4 timar. Alt på norsk.

Dei fleste som tek desse prøvene svarar på bokmål. Bokmålet er jo språket som dominerer her på berget, og dei fleste lærebøkene finst berre på bokmål – med unnatak av nokre nylege forsøk på å skriva tekstbøker på nynorsk for framandspråklege (men som diverre ikkje gjev nok støtte til dei som vil nå det høgaste nivået – nemleg C1- C2).

Les intervjuet med James: Ein usannsynleg nynorskbrukar

Fekk ikkje eksamen på nynorsk
Det er ikkje vanleg at utanlandske studentar vel å skriva på nynorsk. Så kjem eg, nok ein annan utlending som preikar munnleg bokmål/ei kunstig form for austlandsmål, og han skriv nynorsk?!  

Det er diverre ikkje enkelt å vera nynorsking på norskkurs i Oslo. Eg måtte klåra meg heilt åleine, kjøpa ny ordbok og nye læremiddel, imitera nynorsken eg såg i bøker, på nettet, på TV.

Sidan eg var den einaste på kurset som valde nynorsk som målform, fekk eg ikkje eksamensspørsmåla mine på nynorsk, men måtte setja spørsmåla om til nynorsk sjølv, og svara på dei etterpå. Forståeleg (ingen andre hadde krav på eksamen på nynorsk), men litt irriterande. Ingen vil ha ekstra arbeid på eksamen.

Bokmålsferdigheitene mine var allereie gode, og sjølv om eg allereie hadde lært meg å lesa tekster på nynorsk (og skriva litt av og til) var det ingen garanti at eg var førebudd nok til å skriva om alt på nynorsk!

Eg fekk endeleg A på Trinn 3 (sjølv om EG VEIT at bøyinga mi av verbet "å døy" i eit av svara mine var heilt feil – oi, det var så pinleg).

Det vil seia at norsken min er på eit slikt nivå at eg kan skriva på ein akademisk stil, forstå komplekse debattar og samtaler, og snakka om forskjellige ting utanfor interessene mine utan at det vert for mykje stress.

Rett til eiga målform
Utlendingar utgjer ein stor del av dei som bur i byar der universitet og høgskular finst. Tilbodet om opplæring i både bokmål og nynorsk finst ikkje berre for dei som er fødde her.

Som alle som bur i Noreg, har eg rett til å velja målform, og det er noko som alle burde ha rett til – til og med innvandrarar, utlendingar generelt sett og utvekslingsstudentar.

Me veit at nynorsk og bokmål ikkje har same posisjon språkleg sett, og studentar frå utlandet vil leggja merke til at sjølv om Noreg har to norske skriftspråk, er det berre bokmål dei skal bruka, lesa og skriva kvar dag.

Det er kjempeviktig at folk som er interesserte i nynorsk – som er viljuge nok til å skriva på nynorsk same kva for ei dialekt dei har, får hjelp og støtte frå vener og institusjonar. 

 

LES OGSÅ: Alejandro frå Spania las Hovland og Hauge for å læra nynorsk



Oppdatert: onsdag 5. april 2017 10.50
Kommentarar



Debatt

Brenn du inne med noko? Få det ut hos Framtida.no – me vil høyra di stemme! Skriv epost til tips@framtida.no!

 
ANNONSE: