– Det blir spesielt å sjå det igjen på TV-skjermen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 4. september i fjor haust såg ut til å bli nok ein vanleg arbeidsdag for CNC-operatør Magne-Kjell Wingsternes ved Rolls-Royce i Ulsteinvik. Men så skulle verda til den sindige småbarnsfaren, hareidsdølingen og Hødd-supporteren bli snudd på hovudet. Ut av nesten ingenting fall Magne-Kjell om.

– Eg merka i forkant av hendinga at noko var gale. Eg oppsøkte ein arbeidskollega og fortalde at eg ikkje følte meg så bra. Han spurde meg om han skulle ringe legevakta. Eg fortalde han at det berre var å ringe ambulansen. Medan han stod og trykte inn nummeret på telefonen sin datt eg om.

LES OGSÅ: Ei mors kamp

Magne-Kjell seier han berre glimtvis fekk med seg kva som skjedde fyrste tida etter, og at han blei lagt i ambulansen. Når han kom fram til Volda sjukehus blei det tatt MR av hovudet hans. Sjølv om han kom til hektene igjen i løpet av dagen og ifølgje han sjølv godt kunne reist heim igjen neste dag, fekk han beskjed om å bli på sjukehuset til observasjon.

– Laurdag morgon fekk eg beskjeden av legane at dei hadde funne ein kul, som måtte fjernast, seier Magne-Kjell.

Kulen viste seg å vere heile fem centimeter i diameter, eller større enn ein golfball.

Svulsten måtte vekk, og operasjonen måtte skje i Trondheim, så bileta frå MR-undersøkinga blei sendt nordover.

– Eg fekk dra heim igjen rett over helga. Så venta eg i to veker før eg fekk beskjed om å komme til Trondheim for samtalar med kirurgen. Eg reiste opp og ned same dagen. Måndagen etter der igjen reiste eg opp igjen, saman med familien, og gjorde meg klar til å operere. Onsdag 24. september låg eg på operasjonsbordet.

LES OGSÅ: Med skjelett i skapet

Spelte fotball kort tid etter
Då han vakna opp igjen etter operasjonen var legane mest spente på taleevna og hugsen, då svulsten låg i nærleiken av desse delane i hjernen. Etter alle solemerke har operasjonen vore vellukka, og Magne-Kjell seier han ikkje har kjent noko uvanleg på ei stund. Han har ikkje gått på cellegift etter operasjonen, men han har fått nokre strålebehandlingar. Faktisk var han tilbake på fotballtrening berre nokre veker etter operasjonen.

– Eg har alltid vore slik. Sjølv om noko er tøft eller vanskeleg er eg av ein den typen som ynskjer å leve livet til det fulle. Eg har i ettertid innsett at eg nok var litt tidleg med å byrje å spele fotball igjen, gå opp i hovudduellar og slikt. Også legane sa det til meg, så no har eg roa ned litt igjen, seier han og flirer.

Då Vikebladet Vestposten møtte Magne-Kjell Wingsternes på Skeide Bil tysdag ettermiddag var det ein strålande blid kar som møtte underteikna. Han er sjukmeld, og er her mest for å ha litt å gjere på medan han kjem seg til hektene igjen. Å mekke bil er noko av det kjekkaste Magne-Kjell veit.

– Det er jo ein form for terapi dette her, seier han.

 Arret etter operasjonen har grodd så godt at det nesten ikkje er synleg lenger.

– Eg var litt uroa då eg såg kor grove stinga var. Men det har i grunnen blitt veldig bra, seier Magne-Kjell og smiler.

LES OGSÅ: Helsestell for dei friske

«På liv og død»
17. september i fjor haust, to veker etter han datt om heime i Ulsteinvik, var han som sagt til konsultasjon med kirurgen. I dette møtet fekk han spørsmålet om TVNorge kunne få filme han og prosessen han no skulle gjennom, til den andre sesongen av sjåarsuksessen «På liv og død». Magne-Kjell er med allereie i fyrste episoden, som har premiere på kanalen førstkomande måndag.

– Eg takka ja, mykje fordi dette er eit seriøst TV-program, og for at folk får sjå prosessen med ein slik operasjon. Det var litt merkeleg å gjere det, for det er jo ikkje berre meg det går utover. Kjærasten min, borna mine, familien elles og venene mine får jo sjå det som skjedde. Det blir spesielt å sjå det igjen på TV-skjermen, seier Magne-Kjell.

Veka etter konsultasjonen og spørsmålet om å vere med i «På liv og død» var han og familien på plass i Trondheim.

– Då vi hadde fått rigga oss til på rommet blei vi orientert av kamerateamet kva som skulle skje, og kvar det kom til å skje. Det var også veldig greitt å få vite kva dei gjorde når eg var i narkose. Eg blei spurt om kva eg gjorde på fritida, og litt andre ting. Det var i det heile ei ganske grei oppleving. 

Kirurgen som opererte Magne-Kjell, Geirmund Unsgård, er ein av Norges fremste nevrokirurgar. Operasjonen blei på førehand sett på som svært vanskeleg.

– Han var svært dyktig. Det var veldig greitt å ha ein så kompetent person til å ta seg av operasjonen. Han har jo laga mykje av utstyret som nyttast under slike operasjonar, så dette er ein som veit kva han gjer, seier Magne-Kjell.

Korleis har hendinga og operasjonen prega deg?

– Eg veit ikkje om eg reagerer litt feil, men eg har alltid innbilt meg at eg toler alt. Blir eg grisetakla på fotballbana røyser eg meg likevel, sjølv kor låkt det er. Eg har hatt kraniebrot og hol i hovudet tidlegare, så sjølve operasjonen merka eg forbausande lite av. Eg merka meir etterbehandlinga, strålinga. Litt kvalme og generelt ubehag. Hadde det berre vore med operasjonen så hadde eg sagt at dette berre var ein bagatell. Det er det jo ikkje. Eg har mange gode menneske rundt meg, som eg også må tenkje på.

Meir å lese: Musikalsk lege på plass

Meir å lese: Ulovleg oppskyting i Ulsteinvik

Meir å lese: Ber du til høgare makter?