«Avisa Nynorsk» er størst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I norsk skule skal alle – med nokre unnatak – lære bokmål og nynorsk. Av ein eller annan grunn trur mange at dei aldri kjem til å få bruk for sidemålet, om det heiter nynorsk, og derfor bryr dei seg ikkje om å lære seg det. Nokon kjem til å angre.

Folk har det med å flytte i dette landet. Ein østfolding som aldri har vore vestanom Langfjella, kan brått bli kommuneingeniør i Indre Sogn. Ei kvæfjordjente kan bli helsesjef i ein kommune i Ottadalen. Mange norske kommunar har nynorsk som administrasjonsspråk, og Landssamanslutninga av nynorskkommunar har faktisk om lag 120 medlemmer! Så har vi bedrifter som bruker nynorsk, skuleverket må nemnast, og ikkje minst media.

Ein journaliststudent med ambisjonar drøymer seg gjerne til ei stor avis. I Volda har vi mange av dei, og kvart år er det nokon med bokmål som hovudmål som prøver seg på nynorsken, også i Næravisa. Det skulle ha vore fleire av dei, ja, alle skrivande journaliststudentar burde øve seg på å bruke både nynorsk og bokmål som arbeidsspråk. Det er nemleg lurt: «Avisa Nynorsk» er ei av dei største i landet. Sjå berre på desse oppslagstala for riksdekkjande aviser som bruker nynorsk. Tala er frå 2011 og er henta frå medienorge.uib.no.

Vårt Land (24448)
Nationen (12824)
Klassekampen (15390)
Morgenbladet (26365)
Fiskeribladet Fiskaren (8333)
Dagen (10060)

I tillegg kjem sjølvsagt nynorskavisa Dag og Tid (8729). Dette syner at dei seks opplista avisene har eit samla opplag på 97412, med Dag og Tid innrekna blir talet 106141. Med Dag og Tid har dei riksdekkjande avisene som tillet nynorsk i redaksjonelle artiklar eit samla opplagstal som berre blir slått av Aftenposten og VG! «Avisa Nynorsk» hamnar da på ein flott tredjeplass.

Dei fire avisene Vårt Land, Nationen, Klassekampen og Dagen er dei avisene som bruker mest nynorsk og når ut til eit breiast publikum. Desse fire dagsavisene har eit samla opplag på over 62000. Dette ville ført denne kjernen av nynorskbrukande aviser på ein trygg plass blant dei ti avisene i Noreg med størst opplag, nesten like stort som Stavanger Aftenblad. Men også Stavanger Aftenblad har nynorsk i spaltene, til liks med mange andre store regionaviser:

Romsdals Budstikke (17720)
Sunnmørsposten (29974)
Firda (12909 – bruker berre nynorsk)
Bergens Tidende (79467)
Haugesunds Avis (27834)
Stavanger Aftenblad (63283)
Varden (23723)
Gudbrandsdølen Dagningen (24577)

Det kan hende at enda fleire regionaviser burde ha vore med i dette oversynet. I enkelte av desse avisene er hovudregelen at stoff frå visse kommunar skal vere på nynorsk, i andre aviser er bruken av målform knytt til kva journalisten eller redaktøren bestemmer seg for. Det vil seie at det ikkje er heilt fritt fram for å bruke nynorsk heilt som ein vil sjølv. Det syner uansett at «Avisa Nynorsk» er den største i landet i opplag!

I alt er det ein knapp tredel av alle norske aviser som bruker nynorsk på redaksjonell plass, mange av dei mindre lokalaviser med nynorsk som einaste målform. Nettutgåvene til desse avisene, nettaviser som framtida.no og nrk.no og Nynorsk Pressekontor kunne også ha vorte nemnde. Konklusjonen er at det finst mange redaksjonar der det er bruk for å kunne nynorsk. Det burde journaliststudentar og folk som kunne tenkje seg i media i framtida merke seg.

Les teksten i Magasinett!