AUF: – Oljealderen høyrer fortida til

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For femte år på rad arrangerer Nordahl Grieg vidaregåande ein konferanse der målet er å inspirere elevane gjennom mellom anna  å tenke kreativt om framtida. Ei rekkje føredragshaldarar vert henta inn og elevane kan sjølv bestemme kva for tema dei ynskjer å jobbe med desse tre dagane.

Onsdag var alle samla for å høyre dei politiske ungdomsleiarane diskutere kva dei meiner det er viktig å satse på i Noreg i framtida.

Debattleiarane spurte om oljeindustrien vil vere viktig i Noreg i framtida. Då fekk dei ganske bastant respons tilbake.

Sjå video av debatten nedst i saka!

LES OGSÅ: Veit me nok til å forlata oljen?

Brente dinosaurar
– Vi får ikkje eit godt pensjonisttilvære om vi held fram med å satse på olje – og gassindustrien. Kvifor skal folk brenne døde dinosaurar i motorane sine, spør Lage Nøst i Grøn Ungdom. Han var den i panelet som reiste seg opp då han snakka, gestikulerte med armane, heva stemma og fekk publikum med seg.

Unge Høgre åtvarar derimot mot ein rask nedskalering av olje – og gassindustrien.

– Det er ikkje ein god løysing å skru av kranen over natta, seier fyrste nestleiar Sandra Bruflot.  

Unge Venstre viste til at det både er mulig å tenke vekst og å tenke grønt samtidig.

LES OGSÅ: Polarisen sluker CO2

– Viktig for norsk økonomi
Framstegspartiet sin ungdom peikte på at veldig mange har sitt arbeid i oljesektoren, og at det difor er viktig å ikkje skjere ned.

– Olje er det som er viktigast for norsk økonomi. Kva vil de gjere for dei menneska som i dag jobbar i oljenæringa og som vil miste jobben sin dersom ein skjerer ned, spurte Bjørn Siem Knudsen i FpU dei sosialistiske partia.

AUF fortalte på si side at dei ser for seg gode alternativ til oljeindustrien.

– Oljealderen er noko som høyrer fortida til, det må vi bli einige om. To tredeler av olje og gass må bli liggjande under bakken. Eg drøymer om at Noreg i framtida kan leve av fiskeri, turisme og fornybar energi ved å bruke kompetanse frå oljenæringa, seier AUF-leiar Mani Hussaini

Stian Kvamme (frå venstre) og Joachim Øxenbjerg går i fyrste klasse ved Nordahl Grieg vidaregåande og synes debatten var interessant. Foto: Kristine Askvik

LES OGSÅ: – Vi er veldig gode på å stenge ute ubehageleg informasjon

Nyvalt leiar hausta applaus
Aulaen var heilt full under debatten, og klappa fyrste gong då AUF spurte regjeringspartia korleis dei skulle klare å nå eigne klimamål når dei vil opne for meir oljeboring.

Stian Kvamme og Joachim Øxenbjerg sat på golvet rett framfor debattantane og fylte godt med under heile debatten.

– Dei seier dei har fått ein million til kollektivsatsing frå regjeringa, men bussprisene går jo berre opp. Det er ikkje bra. For meg er bussprisane viktig, seier Kvamme.

LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet

– Vi må slutte å forureine
– Det var artig å sjå engasjementet til han frå Grønn Ungdom. Han vart veldig ivrig då han skulle formidle bodskapen sin. Sjølv er eg oppteken av at vi må slutte å forureine og tenke på framtida, seier Øxenbjerg.

Han og kameraten går i fyrste klasse og fyller 17 i løpet av året. Stortingsvalet om to år vil vere fyrste gong dei kan bruke stemmeretten.

– Eg har ikkje bestemt meg for kva for parti eg vil stemme på, men eg ynskjer å stemme på nokon som satsar på framtida, seier Øxenbjerg.  

– Eg synest det er vanskeleg å vite kva for parti som er best. Til dømes for dei som sit i regjering, så er det som oftast det negative dei gjer som vi får høyre om, seier Kvamme.

Her kan du sjå video av heile debatten:

LES OGSÅ: Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet