AUF jublar over Støre-tale

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidarpartiets Ungdomsfylking har etterlyst ei ny retning i asyl- og flyktningpolitikken til moderpartiet. Dei har lagt fram krav om ei hjelpepakke på 1,5 milliardar til humanitær hjelp i syriske flyktningleirar og at talet på syriske kvoteflyktningar skal aukast til 5.000.

Allereie første dag av Arbeidarpartiets landsmøte på Folkets Hus kunne ungdomspartiet jubla for sin første siger, då Støre uttala at Noreg bør ta imot 5.000 i år og like mange i 2016.

– Me ser ein region der millionar er på flukt. Verda har ikkje sett noko verre sidan andre verdskrigen. Dei landa som kan gi eit ekstra bidrag, må gjere det. Me skal svare på appellen og styrke den humanitære hjelpa til dei katastroferamma i Syria, Irak og nabolanda. Då må vi hjelpe dei som er i nød, der krisa er, vise solidaritet og nestekjærleik, sa Støre ifølgje NTB.

LES OGSÅ: Å vise hjarterom

Politisk fleirtal
AUF-leiar Mani Husseini, som sjølv har bakgrunn som syrisk flyktning jubla på Twitter:

Med Arbeidarpartiet på laget ser det ut til å bli politisk fleirtal for at Noreg skal ta imot 10.000 syriske kvoteflyktningar dei neste to åra.

Venstre vedtok førre helg at Noreg skal ta imot 10.000 syriske flyktningar dei neste åra, medan KrFU tek til orde for at moderpartiet KrF skal gjere det same.

Både KrFU-leiar Emil André Erstad og tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen var tidleg ute på Twitter og gratulerte: