– Aschehoug sviktar nynorskelevane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Aschehoug sviktar

Berre eit par dagar før heildagsprøvene tek til erklærer Aschehoug at nynorskelevane ikkje skal få oppgåveteksten på språket sitt. Det pliktar dei heller ikkje å gjere etter lovverket.

– Det er tydeleg at vi har eit hòl i opplæringslova. Det seier Kristofer Stavseng, nestleiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

LES SAKA: Aschehoug droppar tentamen på nynorsk

– Useriøst
– Opplæringslova seier at elevar har rett til læremiddel på språket sitt. At dette ikkje òg skal gjelde for prøvetekstar er mildt sagt spesielt. Korleis kan Aschehoug forsvare at elevane skal lære stoffet og omgrep på eit språk, for så å bli møtt med andre omgrep på dagen dei har heildagsprøve i faget? spør nestleiaren.

– Dette meiner eg er ein useriøs og uverdig praksis av eit forlag som vil levere gode tenester for alle norske elevar.

Språkpolitikaren stiller seg spørjande til kostnadsspørsmålet kring omsetjingar.

– Eg kan umogleg tru at det skulle koste så mykje å omsetje nokre A4-sider frå bokmål til nynorsk. Og var det så dyrt for dei kunne dei godt spurt oss, og fått jobben gjort gratis.

Jubileum
I år feirar målrørsla at det er 40 år sidan retten til læremiddel på eige språk kom.

– Dette er eit klart teikn på at dei språklege rettane til norske elevar må styrkjast ytterlegare. Det er nemleg ikkje alle som innser verdien av å bli møtt med og kunne bruke språket sitt. Vi vonar Aschehoug innser at det dei har gjort er eit overtramp og at dei går tilbake til å tilby prøvetekstar på både nynorsk og bokmål.

QUIZ: Forstår du bokmål?