Ap vil løyva millionar til nynorsktiltak

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap vil gje millionar til nynorsken

I dag, onsdag, la Arbeidarpartiet fram sitt alternative statsbudsjett. Her føreslår dei å gi 2,2 millionar kroner til Nynorsk Avissenter, 2,5 millionar kroner meir til Det norske teatret og 1,6 millionar til Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

I regjeringa sitt budsjett var løyvinga til Nynorsk Avissenter og Landssamaslutninga av nynorskkommunar (LNK) stroken. LNK får i år 1,1 millionar som mellom anna blir brukt til å driva Framtida.no, Magasinett og Pirion, og hadde i til neste år søkt om 700.000 ekstra til å driva Framtida.no.

– Eg blei provosert då så å seie alt som gjeld nynorsk var fjerna frå regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Då er det ekstra kjekt å kunne legga fram ein slik pakke, seier stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø til NRK Sogn og Fjordane.

Partiet går òg inn for å auka løyvingane til pressestøtta med 55 millionar kroner.

– Det kjem mange nynorskaviser til gode, seier Heggø.

Totalt vil partiet styrkja kulturbudsjettet med 820 millionar kroner.

LES OGSÅ: Venstre vil løfta nynorsken i statsbudsjettet

Faktaboks

Arbeidarpartiet føreslår blant anna dette i det alternative statsbudsjettet sitt:

Gi 600 millionar meir i bistand
Innføring av 11 månaders studiestøtte
Går mot å kutta barnetillegget i uføretrygda
290 millionar meir i drivstoffavgift
228 millionar meir til skogvern
1 milliard meir til kollektivsatsing i storbyane
Innføring av to barnehageopptak i året
Nei til kutt i formueskatt

Les heile budsjettforslaget her!