75.000 elevar blir mobba
Mest mobbing på 1-10-skular.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det blir slått fast i rapporten ”Viss nokre fortel om mobbing” som NIFU Step har laga på oppdrag av Utdanningsdirektoratet.
Flest mobbeoffer er det blant gutar på 1-10 skular, der i gjennomsnitt over 14 prosent rapporterer at dei blir mobba. Lågast del mobbeoffer er det blant jenter på reine ungdomsskular, snaut 9 prosent.
Forskarane meiner at det er 55-60.000 som reine mobbeoffer, 10-15.000 som både mobbar og blir mobba og om lag like mange som berre mobbar.
Det blir elles peika på at lærarane er viktige for å stoppa mobbinga i skulen. Gode læringsvilkår og godt skolemiljø kjem ikkje av seg sjølv, det krev stadig engasjement og arbeid.
Plikt til å lytta
Steffen Handal, medlem av sentralstyret i Utdanningsforbundet, meiner vi ikkje kan tolerere nokre former for mobbing i skulen..
– Når føresette komer til skulen med eit problem, er det plikta vår å lytte til det som blir fortalt, å undersøkja saka og bidra til løysing. Ikkje berre det, foreldre skal vita at dei er velkomne til skulen med det dei måtte ha på hjartet, seier han i ei pressemelding.
Kva meiner du skal til for at færre skal sleppa å bli mobba?