Allereie då Eugene Andersen var 16 år, starta han sin første nettbutikk. I dag lever han av netthandel og å lære andre å gjera det same.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

– Å drive for seg sjølv er av og til mykje arbeid og stress, men samtidig har eg ikkje lyst å gjera noko anna.

Orda kjem frå 20 år gamle Eugene Andersen frå Bergen på telefon til framtida.no. Han trur fleire og fleire får opp augo for at det går an å hoppe ut av den ferdigoppkøyrde løypa med skule, utdanning og jobb.

– Ikkje nødvendigvis å drive noko sjølv, men i alle fall å gå utanfor det førre generasjon var meir opptatt av, og å jobba meir på eigne premiss og meir digitalt.

Uroa for eigen økonomi

Ifølgje Ung2024-undersøkinga er eigen økonomi noko av det unge i dag bekymrar seg mest over. Det kjem òg fram at 6 av 10 er opptekne av fleksibilitet når det kjem til arbeidstid. I ei undersøking frå NHO kjem det fram at 39 prosent av dei mellom 15–29 år meiner fleksibel arbeidstid er viktig. Før 2020 var det berre 11 prosent som svara det same.

Eugene set pris på fleksibiliteten, men det krev òg struktur.

– Eg kan styre mine eigne timar, jobba frå der eg vil, eg er min eigen sjef og det er ganske fleksibelt. Men det er også eg som må gjera arbeidet, og det krev ein del timar framfor skjermen.

Treng ikkje ofra heile ungdomstida si

Ifølgje ei undersøking gjort av Global Entrepreneurship Monitor (GEM) er Noreg landet med færrast unge gründerar. Berre 4,7 prosent mellom 18 og 34 år er involvert i gründerselskap, og tala er fallande i aldersgruppa 18–24 år.

Om Andersen skulle gitt råd til andre 15-åringar som ynskjer å starta opp noko eige, er han heilt klar:

– Begynn! Eg skulle gjerne ha begynt endå tidlegare.

Han trur mange av dei tenker at dei er for unge til å få det til.

– Ein treng jo ikkje ofra heile ungdomstida si, men ein kan tenka på korleis ein kan posisjonera seg rett. Sjølv om ein gjer alt rett, så tar ting lengre tid enn ein trur.

– Ikkje sit tre år på skulebenken

Sjølv hadde han entreprenørskap som valfag på vidaregåande, men meiner utdanningssystemet gjer ein for dårleg jobb når det kjem til å ruste dei som ynskjer å starta noko for seg sjølv.

– Skulle eg starta sjølv i dag, ville eg ikkje gått høgare utdanning og studert entreprenørskap, men heller berre hoppa uti det og begynt. Ikkje sit tre år på skulebenken og skal du prøve det i den ekte verda.

Han oppmodar til å på kortsiktig plan vera utolmodig, men langsiktig tolmodig.

– Heng med i utviklinga, hald deg oppdatert og aldri slutt å lære. Kanskje problemet er at folk sluttar å lære når dei er ferdig på skule og utdanning?

– Blei litt desperat

Sjølv var han som dei fleste andre ungdommar fram til han blei 15 år. Han følgde opplegget og gjekk på ungdomsskulen, men måtte snart byrja å tenka på kva han ville bli når han blei stor. Kva skulle han studera? Jobba med? Han syntest ikkje nokre av linjene på vidaregåande appellerte, og såg samtidig vaksenlivet komme nærare.

– Eg blei litt desperat etter å finne noko som funka for meg, så eg ikkje skulle stå på bar bakke når skulen var over.

Målet var å drive for seg sjølv, og kunne styre si eiga tid og kvardag. Å gå sin eigen veg, mot straumen og bygga noko eige.

Hadde ingen plan B

Som 15-åring starta han å eksperimentera med «alt mogleg rart»: tenester for folk i hagen, lakkering, hjelp i garasjen.

– Eg prøvde omtrent alt då eg starta, for eg hadde ingen plan B. Dette skulle eg få til, fortel han.

Etter kvart starta han på studiespesialiserande på vidaregåande, og brukte all si tid utanom skulen på jobb.

– Eg budde heime og hadde lite kostnadar, så det var ei ideell moglegheit eg hadde til å gjera det.

Netthandel vart redninga

Målet var å kunne leva av det han bygde opp, når han var ferdig på vidaregåande.

Sidan ein del av draumen også var å kunne jobba frå kor han ville, skjønte han etter kvart at ei digital bedrift ville fungera betre enn ei fysisk. Han starta å tena pengar på Instagram, Youtube-videoar, selja tenesta til bedrifter, og prøvde det meste før han snubla over netthandel.

– Eg prøvde meg fram med det, og det var ingen over-natta-suksess, men over eit års tid lærte eg ekstremt mykje og var tolmodig.

Han kunne ikkje leva av inntekta, men drifta av nettbutikk var ting han syntest var både gøy og interessant å fordjupa seg i.

Saueflokken

No er han 20 år og lever av salsinntektene frå mellom anna sportly.no, og har nyleg starta eit nettkurs for dei som vil gjera det same. Der treffer han fleire som har studert slik som forventa, og så finn ut at det ikkje var det dei ville.

Eugene meiner fleire bør stille spørsmåla han gjorde, framfor å «bli ein del av saueflokken».

Samstundes er han tydeleg på at ikkje alle burde gjera det same som han.

Det har blitt nokre turar på postkontoret, for å sende det nettbutikkane sel. | Foto: Privat

– Nei, alle kan ikkje drive for seg sjølv og alle er nok heller ikkje meint for det. Du kan ikkje drive for deg sjølv fordi mange andre gjer det eller du har sett det på sosiale medium, det må vera eit ønske du har i utgangspunktet.

Det å drive for seg sjølv, i alle fall for hans del, er ikkje slik det kan sjå ut i sosiale medium.

– Mange seier dei er usikre på om dei hadde gjort det på nytt om dei hadde visst kva dei måtte gjennom.

Han fortel om oppsider og nedsider, og at det krev at ein er på nesten heile døgnet og set andre ting til sides.

Sjølv opplevde han lite motstand frå både vener og familie, sjølv om foreldra kanskje skulle ønskt at han sikra seg med ei utdanning.

– Eg kan forstå det frå deira side, men for meg var det aldri nokon plan b. Eg måtte og skulle få dette til.

– Når ein seier nei til alt, sluttar folk å spørja

Etter kvart som han byrja tena pengar, vart det lettare.

Likevel har det kravd mykje. Han har jobba 12–14 timar kvar dag, sju dagar i veka dei siste åra. Han har ofra omtrent heile det sosiale livet, russetida, festar, familiebesøk, å vera med vener, søvn, tid og pengar.

– Når ein seier nei til alt, så sluttar folk å spørja. Det forstår eg jo. Om du ikkje vil følgje straumen, så kan du kanskje ikkje vera med på alt det andre gjer og må gjerne ofra mykje. Eg har ofra mykje dei siste åra for å komme i den posisjonen eg er i dag.

– Har det vore verd det?

– Eg synest det.

Tenker på jobb heile tida

For to år sidan flytta han frå Bergen til Kristiansand, og fekk etter kvart eit fellesskap med folk som driv med det same og kan prate om det.

– Ein endrar veldig prioritering og tidsbruk og veks frå vennekrinsen. Me som driv med dette, lever for og tenker på jobb heile tida.

Han tenker det er betre å ofra mykje i starten, for å få fordelar fram i tid.

– Eg er ung, har masse energi og truleg den beste helsa eg kjem til å ha. Det vil eg utnytta for å få mest mogleg framgang både med jobb og eigenutvikling. Eg vil ut av komfortsona og jobba mest no, i staden for motsett.

– Når trur du du vil pensjonera deg?

– Eg har ingen tankar om å pensjonera meg tidleg for å ligga på ei strand og slappa av. Det har eg ikkje tolmod til. Eg diggar det eg gjer og elskar å jobba.

Samstundes ser han fram til ei tid med litt meir ro, og stå stødigare økonomisk.

– Å kunne jobba når ein vil, og ta ferie når ein vil. Ein må jo leva livet også. Kva er vitsen viss ikkje?

Eugene Andersen sel mellom anna joggevestar med mobillomme. | Foto: Privat