Kvar femte student har ei funksjonsnedsetjing som hemmar dei i studia

21 prosent av studentane i Noreg oppgir at dei har ei funksjonsnedsetjing som dei opplever som avgrensande i studia, ifølgje ei undersøking.

NPK-NTB
Publisert

Nær éin av tre, eller 31 prosent, av studentane oppgir å ha ei funksjonsnedsetjing, som til dømes kroniske sjukdommar, psykiske problem eller lærevanskar.

Dette viser nye tal frå Eurostudent-undersøkinga, ei spørjeundersøking som blir gjennomført i fleire europeiske land, publisert av Statistisk sentralbyrå.

– Ein student kan ha éi eller fleire funksjonsnedsetjingar, og det varierer i kor stor grad funksjonsnedsetjingar er ei avgrensing i kvardagen og i studia, seier Anna-Lena Keute, seniorrådgivar i byrået og ansvarleg for undersøkinga.

I Sverige og Finland svarer over 30 prosent av studentane at dei har ei funksjonsnedsetjing som dei opplever som avgrensande i studia sine.

I alle land er det flest kvinner som blir hemma av ei funksjonsnedsetjing, og det er psykiske lidingar som er den vanlegaste funksjonsnedsetjinga.

Keute seier at ei mogleg forklaring kan vere koronapandemien og viser til at restriksjonar og digital undervisning skapte utfordringar for fleire.