Nordfjord lokkar til seg «superlærlingar»

No har dei vunne pris for nynorsken sin.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi byr veldig på oss sjølv i kommunikasjonen.

Det seier Geir Arne Solheim, nestleiar (og med tittelen superhelt) i Nordfjordkompaniet på telefon til Framtida.

Nordfjordkompaniet er blant anna eit opplæringskontor i vestlandsregionen Nordfjord der næringslivet, kommunane og fylket har gått saman for å løfte tilbodet til unge i regionen.

Torsdag vann dei Nynorsk næringslivspris for kommunikasjonen sin.

Det er fyrste gongen prisen går til eit opplæringskontor.

– At vi har fått denne utmerkinga, er det største som har hendt meg så lenge eg har vore tilsett, sa leiar (med tittelen supersjef) Tom-Øyvind Solheim på utdelinga.

Vil ha suprare Nordfjord

– Det er lett å sjå at supergjengen, som dei kallar seg på nettsida, ved Nordfjordkompaniet er opptekne av språket sitt. Dei nyttar eit levande og leikande språk, seier jurymedlem Monika Haanes Waagan i ei pressemelding.

Juryen rosar dei for ein tydeleg nynorskprofil, med språkleg medvit som hevar statusen til nynorsk innan yrkesfag.

– Dei er eit føredøme for både lærlingane, medlemsbedriftene, andre opplæringskontor og næringslivet elles, seier Haanes Waagan.

Tom-Øyvind Solheim er veldig glad for at Noregs Mållag legg merke til språkarbeidet dei har gjort.

– Gjennom nynorsken viser vi kven vi er. Vi håpar dette kan påverke ungdomane våre, og at dei også kan vere stolte av kven dei er og staden dei kjem frå, sa han under tildelinga.

Populærkultur på nordfjordsk

Nordfjordkompaniet er eigd av over 130 medlemsbedrifter, som tilbyr læreplassar, rekrutterer lærlingar og følgjer unge gjennom læretida.

Ved å gå saman, og å ha ein meir ungdommeleg kommunikasjon, håpar dei at fleire vel Nordfjord-regionen.

– Lærlingane våre har eit veldig nært forhold til rådgjevarane sine, og vi prøver å ha ein uformell kommunikasjon så ein vågar å ta opp ting, seier Geir Arne Solheim.

Dei valte å gå for ein superheltprofil, og dra referansar frå populærkulturen som unge har godt inne.

Geir Arne Solheim er nestleiar i Nordfjordkompaniet, og synest det er veldig stas at kommunikasjonen deira blir merka. | Foto: Frequency.no
Nordfjordkompaniet jaktar på superlærlingane som vil kome til regionen deira. | Illustrasjon: Frequency.no

Samstundes seier Solheim det er viktig at kommunikasjonen skjer på nynorsk, ikkje med engelske framandord, for at det skal ha ei lokal forankring.

– Det at vi kallar dei superlærlingar handlar ikkje om at dei må vere betre enn andre lærlingar, men at vi må ha eit nettverk rundt dei som støttar dei opp.

Og dei går verkeleg inn for at unge skal trivst, ikkje berre medan dei er på jobb, men også på fritida. Dei stiller mellom anna opp med forslag til fritidstilbod og korleis ein kan få seg venar dersom ein er innflyttar.

– Vi sørgjer for at du har nokon som snakkar med deg når du er på hybelen, og hjelper deg med å byggje nettverk.