Dordi har vore «norsketarianar» i eit halvt år: – Aldri vore så enkelt

Dordi Boksasp Lerum (21) har inspirert fleire til å velje norsk mat med prosjektet sitt.

Åshild Slåen
Publisert

– Det har aldri vore så enkelt å velje norsk mat, både sosialt og elles, seier Dordi Boksasp Lerum.

Framtida har slått på tråden medan ho jobbar på eit bærmottak. No har ho vore «norsketarianar» i eit halvt år.

Lerum sette seg som nyttårsforsett at ho berre skulle ete norsk mat gjennom eit heilt år. Å starte i januar, midt på den norske vinteren, utan førebuing, gjorde det ganske tøft.

– Eg starta på den harde måten og det kunne berre gå oppover.

Fleire heng seg på

Noko av målet, i tillegg til å støtte opp om norsk landbruk, var å få meir kunnskap. Kva importerer vi, og kva har vi nok av? Kva slags frukt og grønt er faktisk norsk, og korleis får ein kjøpt det?

Lerum ville også inspirere andre til å velje meir norsk, noko ho meiner ho har lukkast med.

I gruppa norsketarianer deler folk erfaringar og tips rundt det å ete norsk mat. Skjermdump frå Facebook.

– Det er kanskje det kulaste. Nokon har på eige initiativ laga ei Facebook-gruppe med 40–50 medlemar der dei deler mattips. Eg får stadig vekk meldingar frå folk som vil prøve. Eg fekk ei melding på Instagram for nokre dagar sidan av eit par tenåringar som vil prøve å ete norsk i heile juli.

Vil du prøve deg på dietten til Dordi?

Meir ferskt frukt og grønt

Den store gleda no om dagen er norske jordbær. Sidan det ikkje blir produsert norsk sukker er det mange søtsaker som er uaktuelle for Lerum, sjølv om ho har klart seg med honning og eplemost dei kaldaste månadane.

– No har eg ei femkilospakke med jordbær på soverommet som blir ete opp ganske fort.

Bæra gjer at Lerum synest sommarsesongen er den beste matsesongen, og ho kjem til å fryse ned for å ha til seinare i år. Ho ser også fram til hausten, når butikken kjem til ha god tilgang på fleire råvarer.

Lettare sosialt

Sommar tyder også grillsesong, og i motsetning til mange andre sosiale samankomstar synest Lerum det er veldig enkelt å velje norsk.

– Det er jo heilt genialt for ein norsketarianar. Du tek som regel med det du vil grille sjølv, og det er masse norsk kjøt å velje mellom.

I tillegg er det ikkje så vanskeleg å lage siderettar med norske poteter og grønsaker.

Norske jordbær er favorittmaten til Dordi på denne tida av året. Her deler ho med grandtante og namnefelle Dordi. | Skjermdump frå Dordi Boksasp Lerum sin TIkTok-konto.
Då Dordi Boksasp Lerum var på Steinkjerfestivalen var ho glad for å kunne finne norske drikkevarer. | Skjermdump frå TikTok.

Alkohol og inspirasjon

Lerum har heller ikkje kvidd seg for litt alkohol i sommar.

– Eg trudde det ikkje var så mykje, men vi har jo mange norske nisjebedrifter.

Ho kan ikkje drikke vin laga på druer frå Sør-Frankrike, men norsk øl, sider og akevitt kan ein finne fleire stader.

– Det er jo ikkje lov å drive med alkoholreklame, så merka er kanskje ikkje så synlege.

Lerum likar sider frå Aga sideri, spesielt roséen deira, laga på eple, rips og bringebær. Sider frå Hardanger er også ein klassikar, og ho synest også øl frå Lomb, Lom Bryggeri, er godt.

– Naboen min lagar også bringebærvin på fleire tusen liter!

Ho er optimistisk for resten av prosjektet, og håpar andre kan bli inspirert til å gjere liknande ting.

– Det er så viktig å kunne inspirere andre til å velje meir norsk, for å sikre mattryggleiken i landet vårt.