Kva gjer du på middag med kongefamilien?

Deira majestet … Eller deira høgvørde? Kva er rett gaffel? Og korrekt asjett? Her er fire ting å tenke på dersom du blir invitert på middag med den norske kongefamilien.

Åshild Slåen
Publisert

I dag feirar dronninga bursdagen sin, og seinare i sommar samlast både kongelege og kjendisar til brudeferd i Geiranger. Kva må du vite dersom du blir invitert til eit kongeleg lag?

Andreas Borkamo (14) er ein av dei heldige som har både møtt og vore på middag med kronprinsen.

– Eg snakka litt med dei andre som stod rundt bordet før kronprinsen kom, og lurte på korleis eg skal omtale han, om det var «Hans kongelege høyhet», «Dem» eller du, seier han til Framtida dagen etter middagen.

Borkamo sit i Vestland ungdomsutval, og var ein av fleire unge som laurdag 1. juni var invitert på ein kongeleg middag med kronprinsen. Middagen var ein del av opplegget på Moster 2024, der dei feira demokrati og 1000-årsjubileet for innføringa av kristenretten i Noreg.

– Eg hadde jo møtt han tidlegare på dagen, så terskelen var litt lågare, fortel Borkamo.

Likevel er det ikkje heilt lett å ha kontroll på etiketten som følgjer med å møte dei kongelege.

Så kva gjer du om du får ein kongeleg invitasjon til middag?

Andreas Borkamo fekk eit lynkurs i korleis han skulle oppføre seg på middag med kronprinsen. | Foto: Åshild Slåen

1. Korleis kler du deg?

– Fyrst kan du ta det heilt roleg, seier Reidar Helliesen.

Han har drive nettstaden Skikk og bruk og hatt mange foredrag om korleis ein oppfører seg ved finare høve.

– Får du ein invitasjon frå kongefamilien, så får du også beskjed om kva for eit antrekk du skal kle deg i.

Det tyder at du kan søke deg fram til passande klede til galla eller andre arrangement i forkant. Får du derimot ikkje ein eigen invitasjon, men er til stades når kongefamilien besøker ein av dei mange kommunane i Noreg, er det likevel ikkje så vanskeleg.

– Utgangspunktet er alltid å kle seg pent, anten det er dress eller kjole, med reine og strokne klede.

– Bunaden er kanskje eit godt alternativ?

– Den er jo alltid tillate, og det aller flottaste vi har.

Ein ting Helliesen meiner vi derimot kan leggje att heime, er joggeskoa, spesielt til dei i dress.

– Då er det svarte dressko som gjeld.

2. Er det naudsynt å bukke og neie?

Kva med når du blir introdusert? Skal du bukke eller neie? Eller kanskje ingen av delane?

Helliesen meiner det framleis er fint å bukke eller neie når ein helsar på dei kongelege.

– No er det fleire i dag som bukkar, og ikkje neiar, men eg vil absolutt seie at om du neiar er det framleis heilt korrekt. Då skal du hugse å ta venstrefoten bak, slik at du ikkje går framover når du helser.

Nokre gonger er det også eit poeng å ikkje bukke. Stortingspresidenten i 2021, Eva Kristin Hansen (Ap), bukka ikkje for kongen under opninga av Stortinget, fordi ho ville signalisere at Stortinget stod over Kongehuset i det norske demokratiet. Noverande stortingspresident Masud Garakhani synest derimot det er fint å bukke for kongen.

3. Kva er rett tiltale til rett kongeleg?

Andreas Borkamo fekk ganske klar beskjed om tiltale frå dei andre middagsgjestene:

– Først skal det vere «Kongelig Høyhet», og så meir ut i samtalen blir det «De».

Språkrådet har også ein fasit her, med titlar på både bokmål og nynorsk.

Kong Harald og dronning Sonja: Dykkar/Dokkar Majestetar dersom dei er saman, eller Dykkar/Dokkar Majestet om dei er åleine. (Og sjølvsagt «Deres Majestet(er)» på bokmål.)

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit: Høgvørde/Høgvyrde Kronprins og Høgvørde/Høgvyrde Kronprinsesse. (Dette svarer til «Deres Kongelige Høyhet(er)» på bokmål.)

Prinsesse Ingrid Aleksandra: Høgvørde/Høgvyrde Prinsesse. (På bokmål: «Deres Kongelige Høyhet».)

– Du kan også bruke titlane deira, som kronprins Haakon, seier Helliesen.

Det gjeld også dei andre kongelege, som prins Sverre Magnus eller prinsesse Märtha Louise som ikkje har titlar utanom prins og prinsesse.

Helliesen meiner også at med mindre du er ein del av hoffet, kan du slappe av om du gjer litt feil. Likevel er det ein ting han synest ein skal halde seg unna.

– «Du» skal ein eigentleg ikkje bruke i det heile teke, sjølv om eg er sikker på at dei norske kongelege ikkje hadde gjort eit stort nummer ut av det.

Nokre er likevel litt strengare på det. Ein dansk journalist fekk høyre det frå dåverande dronning Margrethe då han gløymde seg i 2015.

– Vi er ikkje «dus», gav dronninga då klar beskjed om.

4. Korleis kjem du deg gjennom middagen?

Når du har ordna finklede, fått helst høfleg, og har kontroll på titlar og tiltale, så er det aller meste i boks.

Sjølve middagen står likevel att, og det kan vere vanskeleg sjølv utan kongelege til stades. Heilt overordna er Helliesen ganske klar på at du skal legge mobilen vekk, ikkje sminke deg ved bordet, og at du ikkje er den som skal starte skålinga.

Når det kjem til bestikk, er det ikkje så vanskeleg:

– Du byrjar ytst, og går innover, det er ein hovudregel, seier Helliesen.

I tillegg er det greitt å vite kva som tilhøyrer deg, så du ikkje stel frå sidemannen. Glasa dine er på høgre side, men har du ein liten asjett til brød, skal du bruke den til venstre for deg.

For Andreas Borkamo var det ikkje så vanskeleg å halde kontroll.

– Eg var alltid etter kronprinsen, så eg berre herma etter han.

Og han kan skrive under på at uansett kor nervøs du er, er du invitert på ein kongeleg middag, så får du eit godt måltid.

Med salmalaks, eple- og bringebærsider og ingen store blemmer, kom han seg gjennom det kongelege besøket, før han skulle tilbake til Sunnfjord.

– Eg hadde trudd at det skulle vere skikkeleg sær mat, men det var veldig godt.