Rekordmange i studentbustadkø

Aldri før har køane for å få studentbustad vore så lange. Ein alvorleg situasjon, meiner studentsamskipnader.

NPK-NTB
Publisert

Høge leigeprisar og bustadmangel skaper rekordlange ventelister for studentar, opplyser studentsamskipnadene i Oslo og på Vestlandet til Aftenposten.

I hovudstaden stod 7521 studentar i kø per 1. juli.

Det bekymrar direktør i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), Andreas Eskelund. Trenden i Oslo har vore oppovergåande i fleire år.

– Vi trur det blir tøft for mange å finne ein stad å bu. Leigeprisane i Oslo er historisk høge, og det er færre leigebustader tilgjengeleg, seier Eskelund.

I Bergen ventar 3314 studentar på å få bustad per utgangen av juni, samanlikna med 2900 i fjor, og 2000 i 2022.

– Dette er alvorleg. Trenden er aukande frå år til år, og den private leigemarknaden er pressa, seier Amalie Johnsen Lunde. Ho er styreleiar i Saman, studentsamskipnaden på Vestlandet.

Lunde er tydeleg på at studentar i Bergen som ikkje finn seg bustad, kan måtte ende opp med å sove på sovesal.

– Vi førebur oss på sovesalar. Det hadde vi i fjor, og vi forventar at behovet er større i år, så vi må oppjustere, seier ho.