Unge einsame blir oftare konspirasjonsteoretikarar

Dei som også er einsame gjennom 20- og 30-åra er ekstra utsette.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I kva grad ein trur på konspirasjonsteoriar har samanheng med korleis ein har hatt det i oppveksten, viser ein ny norsk studie som er publisert i Nature Communications. Det skriv NRK.

– Folk som er einsame i ungdomsåra, har større risiko for å tru på konspirasjonsteoriar når dei er 40, fortel forskar Kinga Bierwiaczonek ved Universitetet i Oslo til rikskringkastaren.

Har dei i tillegg vore meir einsame gjennom 20- og 30-åra, er dei ekstra utsette, ifølgje studien.

Forskaren understrekar at ein ikkje kan slå fast at einsemd fører til tru på konspirasjonar. Men dei har sjekka for andre samanhengar. Mellom anna såg dei på alder, kjønn, utdanninga til foreldra og mental helse.

Frå midten av 90-talet og fram til 2017 vart norske tenåringar meir einsame. Faktisk var det ei dobling til 10 prosent, viser forsking frå Trøndelag.

Samtidig viser ei anna undersøking at det har vore ei betring dei siste åra.

Men nordmenn er generelt mindre einsame enn folk i til dømes USA. Der kjenner 61 prosent av unge vaksne seg einsame, og fleire trur også på konspirasjonsteoriar.