FpU-leiar Simen Velle vart dømd for narkotikabruk som tenåring

FpU-leiar Simen Velle (23) vart dømd for narkotikabruk som tenåring. To gonger vart han teken av politiet. – Den største feilen eg har gjort i mitt liv.

NPK-NTB
Publisert

Hendingane skjedde då han var 16 og 17 år. Det førte til eitt førelegg og ein dom, fortel Velle til VG.

Han vart først teken med 1 gram cannabis og 0,2 gram kokain. Seinare, i 2018, vart han og to kompisar tekne av politiet for oppbevaring av cirka 100 gram hasj til eige bruk. Velle vart dømd til 30 dagars fengsel på vilkår.

Velle meiner det er rett at han vart dømd, og at han vil ta ansvar for sine eigne handlingar. Samtidig minner han om at han var under 18 år, og han ønskjer å fortelje om årsaka til at han tok val som han i dag angrar på.

Han fortel at foreldra skilde seg då han var 16 år, og året etter vart faren diagnostisert med Huntingtons sjukdom.

– Det manifesterte seg først i at eg vart veldig engsteleg, noko som seinare gjekk over i depresjon, som eg har gått til behandling for, seier han.

Han beskriv cannabisrøyking som ei flukt.

– Ved to høve hamna eg i kontakt med politiet. Begge gongene fordi eg vart teken i å bruke narkotika. Det skulle eg sjølvsagt aldri gjort, og eg ser no på det som den største feilen eg har gjort i mitt liv.

Han seier at han ikkje har brukt narkotiske stoff sidan då.

Frp-leiar Sylvi Listhaug er glad for at Velle vel å vere open og meiner han kan vere eit førebilete for andre unge i ein vanskeleg situasjon.