Samisk ungdomsroman nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris

Noreg har kapra tre nominasjonar til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.

NPK-NTB
Publisert

Ikkje berre er grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

Frå det samiske språkområdet er dessutan Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinsessa – Eallá dušše oktii», som er andre bok ut om Maren.

Maria Parr (t.h.) og illustratør Åshild Irgens fekk Brageprisen i kategorien barne- og ungdomsbøker for boka «Oskar og eg». Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK

I alt er 14 nordiske biletbøker, barnebøker og ungdomsromanar frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Åland og det samiske språkområdet nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

Det er dei nasjonale medlemmene i vurderingskomiteen som nominerer verka, og vinnaren blir offentleggjort i ei TV-sending 22. oktober som kan sjåast i alle dei nordiske landa. Prisen vart første gong utdelt i 2013.