Vinnarar på heimebane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var heilt fantastisk! Me har begge gått i Volda og vore leiarar under festivalen, så me har ei veldig sterk tilknyting til festivalen. Difor var det ekstra stort å vinne her, fortel regissør Beathe Hofseth til Framtida.no.

Saman med regissør Susann Østigaard i Fri Film vann ho prisen for beste lange dokumentarfilm under Den norske dokumentarfilmfestivalen i helga.

LES OGSÅ: – Han har berre HIV

Tøffe Thulasi
Prisen fekk dei for filmen Light Fly, Fly High, om den indiske, kastelause jenta Thulasi, som praktisk talt kjempar seg fram i verda. Ho rømmer heimafrå når foreldra vil gifte ho bort som 14-åring. Thulasi har funne ein ny familie og satsar på ein karriere som boksar. Draumen er å ein dag få jobb og kunne forsørgje seg sjølv.

Historien rørte dommarpanelet, som bestod av Knut Erik Jensen, Bodil Cold-Ravnkilde og Dave King. Dei meinte at filmen hadde ei tydeleg retning, og at historien fekk puste, utan å missa fokus.

Hofseth fortel at dei lenge hadde planar om å leggje filmpremieren til Volda, slik at Thulasi kunne vere med der. Slik vart det ikkje, og Thulasi fekk heller oppleva Tromsø International Film Festival, der premieren gjekk i januar.

For dei som ikkje har fått sett filmen på nokre av festivalane han har vore, eller skal på, vert det høve til å sjå han på NRK denne våren. Endeleg sendedato er ikkje sett.

– Det er kjekt å sjå at filmen har sitt eige liv og kjem ut til folk, seier Hofseth.

Saka fortset under biletet.


Indiske Thulasi kjempar seg fram i dokumentarfilmen Light Fly, Fly High. Foto: Fri Film

Populære systrer
Prisen for beste korte/mellomlange dokumentar gjekk til Tvillingsøstrene, produsert og regissert av Mona Friis Bertheussen. Denne fekk òg den gjeve publikumsprisen.

Det er den utrulege historia om dei to tvillingane Alexandra og Mia, som vert adoptert vekk til kvar sin kant av verda, Alexandra til Fresvik og Mia til USA. 

Prisen for beste studentproduksjon gjekk til filmen Som hun elsker, regissert av Sunniva Sundby ved Høgskulen i Lillehammer (HIL).

Juryen meinte at filmen om nonnene Eija-Riita, Chiara og Kathrine skilde seg ut både visuelt og i forteljarstil.

LES OGSÅ: Nominert til prestisjepris

Mykje skryt
Heiderleg omtale for studentproduksjon gjekk til filmen Oss og dei, regissert av Synnøve Horvei ved Høgskulen i Volda. Filmen tek føre seg fattigdom i Noreg, eit tabubelagt tema i Noreg. Juryen meinte at regissøren har ivaretatt sine hovudkarakterar med stor respekt og varme.

Juryen gav òg heiderleg omtale for kort/mellomlang dokumentarfilm til Club 7, regissert av August Baugstø Hanssen og Even G. Benestad.

Til sist fekk den kreative og assosiative kortdokumentaren, Det var ikke jeg, det var fiskmåsen, skryt.

Juryen meinte at regissør Julie Engaas hadde laga ein dokumentar som er både seriøs og morosam. Filmen framstiller korleis det er å leve med tvangstankar, og nyttar både dokumentariske bilete og animasjon. Juryen meinte resultatet var eit innblikk i ei verd som er skremmande, fascinerande og ektefølt.