Ta bildet no, still skarpt seinare
No er det første kameraet som alltid tar skarpe bilde, på marknaden.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kameraet Lytro lar deg stille skarpt på den delen av motivet du vil, i datamaskina etter at bildet er tatt, fortel det svenske bladet Ny Teknik.
Det er forskaren Ren Ng ved Stanford-universitetet i California som har laga det hyperenkle kameraet, som berre har to knappar: på-knappen og utløysaren. Dessutan har kameraet åtte gongers optisk zoom.
Kameraet måler i tillegg til styrken på lyset som fell inn gjennom objektivet, retninga på lysstrålane. Det er denne informasjonen som gjer at fotografen ved hjelp av eit spesielt dataprogram kan stille skarpt i etterhand.
Lytro skal visstnok ikkje vere leveringsklar før til neste år, men da har produsenten også planar om ein eigen 3D-modell. (©NPK)
Har du nokre bilde du vil dela med dei andre lesarane av Framtida.no? Legg dei inn her!