Svenske kommunar skal tvingast til å ta imot flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svensk flyktning-tvang

Det skal utarbeidast eit kommunetal som fortel kor mange personar ein kommune bør kunne ta imot, sa Sveriges arbeidsminister Ylva Johansson på ein pressekonferanse onsdag.

LES OGSÅ: Fleire kommunar vil ta imot flyktningar

Storleiken på kommunen og arbeidsmarknaden skal spele inn. Det skal også talet på flyktningar og innvandrarar som allereie er busette i kommunen.

Arbeidsministeren påpeiker at fordelinga mellom kommunane i dag er svært skjev.

– Eg meiner at denne skeive fordelinga ikkje er haldbar i lengda, seier Ylva Johansson, som også fekk spørsmål om kva som skal skje med kommunar som ikkje har plass til å ta imot fleire.

– Dei får byggje, svarte ho.

Forslaget skal no ut på høyring før det leggjast fram for Riksdagen. Johansson seier det er viktig å lytte på kommunane i prosessen. (©NPK)

LES OGSÅ: Ordførarkandidaten opnar heimen for flyktningar