Stavanger er best for born og unge

Stavanger er Årets barne- og ungdomskommune.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er det best for born og unge

Stavanger kommune er i dag kåra til Årets barne- og ungdomskommune. Statsråd Inga Marte Thorkildsen overrekte prisen til kommunalråd i Stavanger, John Peter Hernes.

– Stavanger utmerkar seg som ein kommune som tek born og ungdom på alvor. Dei lyttar til meiningar og innspel, og har fleire arenaer for dialog og påverknad for ungdom. Ungdommens bystyre, som er eit sentralt rådgivande organ for kommunen, er eit godt døme på dette, seier barneminister Inga Marte Thorkildsen.

Årets barne- og ungdomskommune utmerkar seg som ein by som er god å vekse opp i og som viser eit tydeleg engasjement overfor dei unge innbyggjarane sine. Kommunen har ein aktiv dialog med born og ungdom og tilrettelegg for innverknad lokalt.

LES OGSÅ: Vann pris for å lytta til unge

– Born og unge veit best korleis det er å vere ung i dag. For å sikre gode oppvekstmiljø må vi lytte til borna. Barnekonvensjonen slår fast at born har rett til å bli høyrt. Ein viktig grunn til at Stavanger får prisen er dei lyttar til born og unge, seier statsråden.

Kvart år utnemner Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Årets barne- og ungdomskommune. Med denne prisen ynskjer departementet å stimulere til endå betre barne- og ungdomspolitikk i kommunane, og å løfte fram kommunar som jobbar særleg godt for å gje born og ungdom i kommunane eit godt oppvekstmiljø.

Stavanger var i 2010 på tredjeplass blant kommunane i Noreg som bruker mest på fritidsklubbar per innbyggjar i alderen 6 til 20 år.

Kåringa er gjort av ein sjølvstendig jury oppnemnt av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Les grunngjevinga til juryen!

Mellom tidlegare vinnarar er Kåfjord, Trondheim og Vågå.

Korleis meiner du kommunen din kan bli ein betre stad å bu for born og unge?