Spelegalskap i statleg regi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Eg har rekna på det, og eg har kome fram til at sjansen for å vinna i lotto er den same anten ein spelar eller ikkje», sa den amerikanske skribenten Fran Lebowitz ein gong. Ho smurde for tjukt på, sjølvsagt, men sanninga er ikkje langt unna: Sjansen for å vinna i lotto er berre éin til fem millionar. Men jamvel om ein ikkje vert rik av slike spel, gjer det ikkje so mykje – ein må ha råd til å drøyma litt. Og det er då nokon som vinn kvar veke? Ein vinn ikkje om ein ikkje spelar.

Men kva er det dei sel, desse folka i Norsk Tipping på Hamar som i faste innslag på NRK om laurdagskvelden ringjer heim til heldige folk og fortel dei at dei har vunne? Det er trass i alt staten som eig Norsk Tipping på Hamar. Då må det vel vera harmlaust?

Vel, heilt greitt er det kanskje ikkje. I 2012 nytta nordmenn 19,2 milliardar kroner på Norsk Tipping. Det er meir enn dei nytta til pensjonssparing. Helvta av heile folkesetnaden over atten år spela slike spel via Norsk Tipping. Attåt kjem utanlandske spelselskap. Og kvifor skulle ikkje nordmenn nytta utanlandske pengespel på nettet? Pengespel som Lotto har jo vorte normaliserte av Norsk Tipping i samband med laurdagsunderholdninga på stats­kanalen sidan 1987.

Forskarar ved Cambridge har forska på kva det er som får hjernen til å lysa opp når ein driv med pengespel. Det fyrste vert kalla «nær-missar», som tyder at spelaren kjem nær målet, men utan å vinna. Det andre er å ha ei kjensle av kontroll: Spelar ein rulett, er ein viljug til å gambla meir pengar om ein får trilla kula sjølv. Eller, for å halda oss til saka, om ein får velja sine eigne tal i lottorekkja.

Historia
Som mest alt anna i verda var det kinesarane som var fyrst ute med å nytta lotteri til å finansiera store statlege prosjekt. Historia vil ha det til at kinesarane så tidleg som mellom 205 og 187 f.Kr. under Han-dynastiet nytta spelet Keno, som Norsk Tipping òg tilbyd nordmenn å spela på, til å finansiera byggjinga av Den kinesiske muren.

I Europa var franskmennene mellom dei fyrste til å nytta penge­spel for å driva inn meir pengar til staten. I 1539 kom spelet Loterie Royale, men det lukkast ikkje av di lodda var så dyre at berre dei rike hadde råd til å kjøpa slike lodd, og dei rike var imot lotteriverksemda. I dei neste to hundreåra var lotteri forbode i Frankrike eller i beste fall berre tolerert.

Det var fyrst i England at lotteri vart ein suksess. I 1566 tinga dronning Elisabeth I eit lotteri for å taka inn pengar til staten, det vil seia til: «reparation of the havens and strength of the Realme, and towardes such other publique good workes». Lottotala vart ikkje trekte før i 1569, og slik fekk staten eit rente­fritt lån på tre år.

I Noreg fekk vi ikkje lotto før i 1986, men Norsk Tipping hadde halde på heilt sidan 1947. Det kom framlegg alt i 1935 om å skipa eit statleg tippeselskap, men framlegget vart røysta ned. Eit slikt selskap, Det Norske Tippeselskap, vart starta i 1941, men det vart boikotta. Etter krigen var over, kom Norges Idrettsforbund med eit framlegg om å starta opp eit nytt statleg tippeselskap, og Norsk Tipping vart skipa i 1946.

Norsk Tipping var ei lukke for norsk idrott frå fyrste stund: Omsetnaden auka frå 18 millionar kroner fyrste år til 96 millionar etter ti år. I 2013 var omsetnaden på 12.270 millionar. Det er om lag den same summen som sjukehusa i Noreg skulle få av Arbeidarpartiet i «det store sjuke­husløftet» i førre stortingsbudsjett.

Sjansen
For å finna ut litt meir om kor sannsynleg det er å stikka av med fyrstepremien i Lotto, talar eg med Simen Gaure. Han er forskar og matematikar ved Frischsentret på UiO og kan rekna på alt.
– Sjansen for å vinna fyrstepremien i Lotto er 1:5.379.616, altso om lag éin til fem millionar. Kva tyder eit slikt tal?
– Utsikta til å døy på ein einskild flight med rutefly er cirka éin til fem millionar, seier Gaure.

– Og det er so lite at dei færraste tenkjer over det, det vert rekna som heilt trygt. På same vis kan ein rekna seg som heilt trygg på ikkje å vinna fyrstepremien i Lotto. Utsikta til å vinna 2.-premie er om lag likeins som utsikta til å verta drepen neste halvår. Det er heller ikkje noko dei fleste mellom oss reknar inn som ein faktor i livet. Utsikta til å vinna 3.-premien er i nærleiken av utsikta til å døy i ei trafikk­ulukke i laupet av eit år. Dei færraste trur so mykje på det at dei held seg unna trafikken.

– Men kva er dette for pessimisme? Det er då alltid nokon som vinn?
– Trass i at flyging vert rekna som heilt trygt, og dei færraste tenkjer på risikoen, er det hundrevis av menneske som døyr i flyulukker kvart år i verda, på same vis som det stort sett er ein som vinn fyrstepremien i Lotto kvar veke.

Når noko går føre seg svært mange gonger, som dei millionar av lottorekkjer som vert sende inn kvar veke, vil jamvel ein knøttliten sjanse slå til innimellom, men sjansen for at det vedkjem deg, er stadig knøttliten.

Men kva med draumen, då? Eg spør Gaure om han sjølv spelar Lotto.

– Nei. Eg får meir ut av å gå tur i skogen og satsa på å snåva over ein gullskatt, eller kanskje ein firkløver i ny og ne, eller ein glimt av ei gaupe. Gratis er det òg.

LES OGSÅ: 3800 unge avhengige av dataspel

Spel, spel og meir spel
I stallen har Norsk Tipping no spela Tipping, Oddsen, Lotto, Viking-Lotto, Joker, Extra, Flax-lodd, Keno og spelterminalane Multix. Attåt finst nettspel som Bingoria og Kong Kasino. Bingoria er nettbingo som er open frå klokka sju om morgonen til klokka tre om natta. Dei har hyggjelege chatvertar som ein kan prata med, dei har spel ein kan spela mellom bingotrekningane, og ein kan chatta med andre spelarar. Kong Kasino er eit kasino på nettet. Ein kan spela rulett, blackjack og poker, i tillegg til ei rad sokalla hjulspel. Kvifor driv Norsk Tipping på med slike penge­spel på nettet?

Årsaka til at dei byrja med å tilbyda slike nettspel i det heile teke, var at Kulturdepartementet i 2012 bad Norsk Tipping om å «kanalisere nordmenns spillelyst inn i tryggere alternativer», som dei skriv på heimesida. Men uroa til organisasjonane som arbeider med speleproblem, er at slike nettspel kan gjera folk avhengige og få folk over i meir kostbare spelevanar der dei nyttar utanlandske spelselskap utan tapsgrenser som Norsk Tipping har på sine nettspel.

Den store fienden var nett desse utanlandske spelselskapa, som var rekna som eit so stort trugsmål at Noreg i 2010 sette i verk eit forbod for norske bankar å føra over pengar til slike utanlandske spelselskap. Men forbodet evna ikkje å halda folk frå å spela likevel, av di dei berre nytta nettbankar som Speedcard eller liknande til å betala i staden for den norske bankkontoen.

Norsk Tipping måtte altså gjera noko for å gå dei utanlandske spelselskapa i næringa, sidan det ikkje nytta å regulera etterspurnadssida. Det løyste dei ved å gjeva nordmenn tilgang til stadig fleire spel på nett og ved å setja grensa for tap til 10.000 kroner per månad. Fleire organisasjonar meiner grensa er for høg. Har Norsk Tipping forvalta oppgåva frå Kulturdepartementet godt?

Avhengig av spel
Ingjerd Meen Lorvik er psykologspesialist og arbeider hjå Borgestadklinikken til Blå Kors. Ho arbeider med dei som vert avhengige av slike spel.

– No har det kome over seksti sokalla instaspel, og det er ei utviding som vi tykkjer går langt utover det ein kan kalla ansvarleg, og attåt kjem den høge tapsgrensa og «informasjon» som vert send til mobil, som fungerer som reklame for pengespel, seier Lorvik.

I januar sende Norsk Forening for Spillproblematikk, Spilleavhengighet Norge og Actis eit brev der dei bad om å få møta kulturministeren, men dei fekk ikkje noko svar. Dei sende eit purrebrev i april der dei fekk med seg Blå Kors Norge, men framleis har dei ikkje høyrt noko frå kulturministeren.

– No skal dei greia ut om kvalifiseringsrundar i poker-NM kringom i landet, og når dei ikkje eingong svarar so store organisasjonar, så tyder det at dei ikkje er interesserte i motrøyster, seier Lorvik.

Avhengige
Men er det så farleg, då? Finst det so mange som har problem med slike spel i Noreg?

Leiar i organisasjonen Spill­avhengighet Norge, Lill-Tove Bergmo, har lenge vore kritisk til auken i nettspel. «Vi er redde for at det skal bli mer markedsføring, vi liker ikke at det skal være åpent til klokken 03.00 om natta, og vi er veldig bekymret for at tapsgrensene ligger så høyt per måned som det gjør. For en vanlig familie er 10.000 kroner per måned veldig mye», sa ho tidlegare i år i eit intervju med NRK.

Førre månad kom det ein ny rapport frå Universitetet i Bergen på oppdrag frå Lotteri­tilsynet om pengespelproblem i Noreg. I undersøkinga fann dei ut at det finst over 20.000 problemspelarar i Noreg. I tillegg er 89.000 moderate risikospelarar.

Speleproblem var vanlegast mellom dei som hadde låg utdaning, dei som var utanfor arbeidslivet, og dei som var fødde utanfor Noreg, og det var einslege menn som vart råka hardast. Vidare skriv dei: «Samlet tyder altså dataene på at pengespillproblem er mer vanlig hos antatt svake grupper i samfunnet. De med pengespillproblem bruker langt mer peng­er på slike spill enn dem uten problem. Samtidig vet vi at overskuddet fra mange spill brukes til sport- og kulturtilbud til grupper som i gjennomsnitt er antatt mer ressurssterke enn de med pengespillproblem.»

Jamvel om overskotet frå Norsk Tipping går til gode føremål, er det ikkje nett enkelt å sjå føre seg kvifor ei verksemd som staten eig, skal sjå det som si oppgåve å overføra pengar frå svake grupper til dei som er meir ressurssterke. Kanskje hadde det ikkje vore ein dårleg idé for kulturministeren å møta desse organisasjonane som arbeider med dei som vert avhengige av spel, og høyra kva dei har å seia.

Les saka i Dag og Tid!